– Universitetet treng tilsette som oss òg

Publisert:12. oktober 2018Oppdatert:12. oktober 2018, 06:00
Nina Schjetne underviser internasjonale studentar. Ho er ein av dei 12 tilsette universitetslektorane ved Norskkursa ved LLE. Foto: Hilde Kristin Strand

Dei gir meir enn tusen studentar norskopplæring i året. Sjølv har dei mastergrad – og knapt nokon lønsutvikling dei siste seks åra.

– Det er ikkje slik at kvar gong me ikkje har noko anna å snakka om, så snakkar me om at me tener dårleg.

Pernille Myrvold humrar, men legg meir alvorleg til:

– Sjølv om det ikkje er ein negativ diskurs knytt til lønsnivået vårt, ser me ingen grunn til at andre grupper tilsette skal ha større lønsvekst enn oss.

Myrvold er universitetslektor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium, og underviser på Norskkursa. Med sine 12 faste stillingar er miljøet eit av dei største lektormiljøa ved UiB. Det totale talet på lektorar er nærare hundre, ifølgje tal frå DBH.

Negativ lønsauke

På Høyden har skrive fleire saker om lønsnivået ved UiB. Lønsstatistikken viser at det er universitetslektorane som kjem dårlegast ut når det handlar om lønsauke dei siste fem åra. Berre 5,88 prosent gjekk løna deira i snitt opp frå 2012 til 2017. I dag tener ein universitetslektor ved UiB i snitt 518 000 kroner i året.

Inga veldig dårleg løn. Men dei tilsette veit at dei kunne tent meir andre stader.

– Mange vil nok heller velja ei stilling i den vidaregåande skulen, seier Sigrun Eilertsen.

Det som betyr noko, er at ein gir studentane lærelyst og syter for motivasjon

Tal frå lektorlaget viser at begynnarløna for ein lektor no er over 500 000, og med ti års ansiennitet 561 000.

– Me som jobbar her er glade i jobben vår. Me er interesserte, engasjerte, og me veit at me gjer ein god jobb, seier Eilertsen.

Lektorane som er tilsett ved norskkursa underviser i hovudsak tre ulike grupper: Utanlandske tilsette, som har krav om å meistra norsk to år etter at dei har fått fast stilling, utanlandske studentar, og innvandrar og flyktningar som treng dokumentasjon på kompetansen sin for å anten kunne få godkjent utdanninga dei har frå før eller ta høgare utdanning i Noreg. Dei som underviser har minst mastergrad.

– Me er klare over at lønsnivået vårt er lågare enn både for lektorar i vidaregåande skule og vaksenopplæringa. Når UiB no seier at dei vil satsa på undervisning, og mellom anna legg opp til ei meritteringsordning, burde det vera ein naturleg konsekvens å sjå på løna til dei som har undervisningsstillingar, seier Else Berit Molde.

Ho er universitetslektor og for tida fagkoordinator for norskkursa.

– Det som betyr noko, er at ein gir studentane lærelyst og syter for motivasjon. Dette er ikkje avhengig av kva tittel ein har. Det var ikkje ein høg tittel på dei som underviste som var avgjerande for mi glede for å læra, seier Myrvold.

Ikkje forskingsfri

I eit auditorium på Sydneshaugen skole går praten mest på engelsk, men stadig meir på norsk.

– Åh, når de snakka saman på norsk no gjekk det så fort! Dette skal eg liksom læra meg, sukkar ein av studentane – på engelsk.

Universitetslektor Nina Schjetne underviser på introduksjonskurset for internasjonale studentar. Om lag 1. november er kurset ferdig, då ventar munnleg eksamen.

Schjetne skal snart levera doktorgrad. Men bortsett frå det er det ikkje så mange moglegheiter for opprykk i ei lektorstilling.

– For nokre år sidan vedtok universitetsstyret at lektorgruppa ikkje lenger skal kunne få forskingstermin. No har me berre 15 prosent av tida vår til forskings- og utviklingsarbeid, seier Eilertsen.

– Og det er synd, med alle dei røynslene me samlar når me er aktivt ute på feltet, burde me fått skrive og gitt ut noko knytt til det, supplerer Myrvold.

Underviser på kveldstid

Totalt sett er det 1100-1200 personar i året som tek norskkurs ved UiB. Dei tilsette har i snitt 12 timar undervisning i veka, og underviser både tidleg og seint. Kurs for tilsette vert mellom anna arrangerte på tidleg kveldstid fordi det har vist seg vanskeleg å få dei på kurs innanfor normalarbeidstid.

– UiB treng tilsette med god kompetanse. Me veit at me gjer ein god jobb, og me er opptekne av at studentane skal trivast i Noreg. Gjennom norskkursa lærer dei språk, dei møter kvarandre og det vert skapt ein sosial arena, seier Eilertsen.

– Og norskkursa bidreg med mange studiepoeng. Universitetet har bruk for slike som oss òg, seier Molde.

Støtte frå instituttleiinga

– Eg var opprørt då og eg er opprørt endå.

Det seier Johan Myking, instituttleiar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium. Våren 2016 vedtok universitetsstyret at universitetslektorar ikkje lenger skal kunne få forskingstermin. Ein kan heller ikkje søkja om såkalla FoU-tid i inntil tre månader, det er det berre førstelektorar som no kan. «Stor tydelegare går det ikkje an å signalisera til denne kategorien medarbeidarar at dei står aller lengst nede i statushierarkiet og ikkje skal oppmuntrast til å auka den faglege kompetansen sin», skreiv Myking i eit lesarinnlegg den gongen.

Han seier til På Høyden at norskkursa er ein veldig viktig ressurs, og heilt avgjerande i det internasjonale arbeidet ved UiB.

– Det er viktig å gi dei tilsette ved norskkursa både fagleg status og moglegheit til oppdatering, seier Myking.

– Eg synest ikkje dei har den statusen dei bør ha, seier Myking.

Han seier det same som lektorane sjølve: Dei kunne tent meir i den vidaregåande skulen.

– Grunnen til at mange slår seg til, trur eg er fagleg kjekke oppgåver. Samstundes har me hatt nokre tilfelle der me har mista tilsette, men det har ikkje skjedd så mange gonger som ein kunne frykta.

– Du er instituttleiar, og kan føreslå tilsette som du meiner fortener lønsauke. Har du gjort nok for lektorane?

– Ein kan alltid gjera meir. Men det betyr ikkje at eg ikkje har gjort noko, seier Myking.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed