Viser fram mellomalder-plyndringane

Publisert:18. oktober 2018Oppdatert:18. oktober 2018, 11:08
Vikingane reiste til Irland med seglskip. Dette er Osebergskipet. Det er i hovudsak på Vestlandet ein finn gjenstandar frå Irland, frå Austlandet reiste ein heller til Sverige og Danmark. Foto: Kulturhistorisk museum, UiO

Ein del av gjenstandane som vart stolne frå Universitetsmuseet i 2016, var truleg stolne ein gong før: Frå Irland i vikingtida.

Slike skålforma spenner har ein funne i graver i Noreg, og ein trur at dei mektige viking-husfruene brukte dei. Men truleg kom dei frå Irland - kanskje som tjuvegods. Foto: Olav Espevoll/Universitetsmuseet
Irland var allereie eit kriste land då vikingane kom dit. Kristendommen og dens symbol var noko av det som vart med til Noreg. Foto: Svein Skare/Universitetsmuseet

– Nokre av vikingane var nok berserkar. Men det har òg gått føre seg handel.

Det seier arkeolog Irene Baug. Tysdag opna utstillinga «Skattar frå gravene» som ein del av mellomalderveka. Utstillinga viser at det har vore mykje kontakt mellom Irland og Noreg, særleg Vestlandet, i vikingtida. I norske graver har ein nemleg funne mykje sølv frå Irland. Irske utgravingar har gitt ein funn av mellom anna klebersteinsprodukt. I doktoravhandlinga si viste Baug at det allereie i vikingtida starta produksjon mellom anna i Hyllestad.

Kyrkjer og kloster

Vestlandske vikingar har truleg funne ein nisje: Irland. Vegen dit var ganske lang, men der fanst det kloster og kyrkjer. Utan vakthald, men med mange glitrande skattar. Dette vart teke heim til Noreg. Sølvbeslag frå kister og skrin kunne til dømes verta kvinnesmykke.

- Nokre av gravfunna er så rike på smykke at me rett og slett lurer på om kvinnene var irske, altså at dei vart med til Noreg, seier Baug.

Vikingane reiste med seglskip. Først reiste dei truleg med enkeltskip, men etterkvart meir på tokt. Det største angrepet skal ha vore med 60 skip – totalt 3 000 menn.

- Me trur det har gått føre seg slavehandel, men veit ikkje sikkert om slavane har vorte med til Noreg, eller om dei har vorte selt vidare i Irland til nokon som hadde spesialisert seg på slavehandel, seier Baug.

Men gjenstandane vart med til Noreg. Utstillinga som opna på Universitetsbiblioteket, er ei posterutstilling. Mange av gjenstandane som vert vist der, kan ein no sjå på Universitetsmuseet, som har ei eiga vikingskattutstilling.

- Betyr det at ein del av tinga som vart stolne frå museet i 2016, først hadde vorte stolne frå Irland?

- Det kan ein rekna med, seier Baug.

Laga steinkrossar

Men vikingane kom heim med meir enn skattar. Dei frakta òg kristendommen med seg heim. Irland var eit kriste land allereie i vikingtida, og med seglskipa heim kom både ideologi, tankar og tradisjonar.

Attende i Noreg vart det laga høge, frittståande steinkrossar, i keltisk stil. Men dei vart laga i Noreg, med stein frå Hyllestad.

Sankta Sunniva, Bergen by sin skytshelgen, skal ifølgje soga òg ha kome frå Irland.

- Sunniva var ingen historisk person. Men ho har vorte gjort irsk, og det må ha ein grunn, seier førsteamanuensis Alf Tore Hommedal.

Sunniva gjekk om bord og let Gud styra kursen.

- Soga seier at ho ville sleppa unna ein heidensk friar. Kanskje var han viking, spør Åslaug Ommundsen, professor i mellomalderlatin.

Utstilling i Irland òg

- Det er første gong ei norsk utstilling vert vist i Irland, seier Else Berit Eikeland.

Ho er Noreg sin ambassadør i Irland.

Utstillinga har allereie vore vist i Irland, og er no produsert i ni eksemplar. Dei skal rundt til dei 29 biblioteka i Dublin.

- Det er interessant å sjå på korleis Noreg påverka Irland òg, seier Eikeland.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed