Feirar 30 år som dirigent med jubileumskonsert

Publisert:9. november 2018Oppdatert:9. november 2018, 10:00
Tore Johannessen får skryt av koristane for sitt arbeid som dirigent. I oktober feira han 30 år som dirigent. Foto: Elise Løvereide

Han skulle berre vere mellombels dirigent til dei fann nokon ny. Men så gjekk det 30 år. I helga arrangerer Studentersangforeningen i Bergen jubileumskonsert til ære for dirigent Tore Johannessen.

— Du kan seie at koret har eit slags akademisk fellesskap, ettersom det blei etablert for dei med atrium den gongen. Vi vil representere Universitetet i Bergen eller byen Bergen når det trengst, seier Gunnar Jacobsen. Han har vore med sidan 1959. Foto: Elise Løvereide

Lydnivået er høgt medan herrane i mannskoret ventar på at solisten og pianisten skal kome på øvinga. Den gode stemninga er merkbar - i dette koret er det mange vennskap. Mennene diskuterer plasseringa på scena før oppvarminga byrjar. Dirigent Tore Johannessen tar plass framfor koret. Dei byrjar med å varme opp stemmebandet.

– Det er litt tamt, avbryt dirigenten raskt. Dei prøver igjen, oktav for oktav.

— Den førre dirigenten av Studentersangforeningen i Bergen, Kjell Leikvoll, var læraren min ved musikklinja på vidaregåande. Då koret skulle på ein konkurranse i Wales i 1974, spurde han meg om å vere med som forsterking. Eg hadde jo drive med song og kor ei stund då, fortel Tore Johannessen om starten hans i koret.

God tone

Då Leikvoll skulle gje seg som dirigent etter 31 år, blei Johannessen spurd om å ta over. Det ville han ikkje, men han sa ja til å fungere som mellombels dirigent, til dei fann ein ny.

— Det skjedde jo ikkje, ler Johannessen.

I slutten av oktober var det 30 år sidan han byrja som dirigent. Også utanom koret driv Johannessen med song. I tillegg til å vere songpedagog ved Langhaugen vidaregåande skule har han sunge i ei lang rekke operaframsyningar, som La Boheme og Døde sardiner ved Festspillene.

På øvinga står mennene rakrygga, enkelte med hendene i lommene. Sjølv om dei har ei god tone utanom, tar dei øvinga seriøst. Dei skal trass alt gjennom ein god del songar. På programmet står mellom anna Solvirkning, Gårdstango og Pål sine hønur.

– Litt saktare der, peiker dirigenten på i ein av songane, og koret let seg føre vidare av solisten, den unge mezzosopranen Maria Dale Johannessen.

Framført for kongelege

Studentersangforeningen i Bergen blei etablert i 1935. Dei har konsert kvart semester under opninga av Studentersamfundet, i tillegg til konsert på Tinghuset kvar 17. mai. I tillegg reiser dei mykje.

— Vi har reist ein del med koret både i Noreg og utanlands, og særleg til dei andre hanseatiske byane, fortel dirigenten.

— Har de framført for nokre kjende personar opp gjennom tidene?

— Ja, vi har halde konsert for kongeparet, prinsesse Märtha Louise, dronning Julianne av Nederland og kongeparet i Danmark. Dronning Margrethe kom faktisk bort og applauderte ein gong til!

Tre dirigentar på 83 år

Koret har berre hatt tre dirigentar. Den første, Børre Garman-Hansen, byrja då koret starta opp i 1935. Han var dirigent fram til Kjell Leikvoll tok over i 1957. Leikvoll var deretter dirigent i 31 år.

Per Høie, som er medlem i koret, har gitt ut to bøker om Studentersangforeningen i Bergen. Han fortel:

— Koret blei etablert av mange av dei same som starta opp Studentersamfundet. Eigentleg skulle dei danne eit orkester. Dette må vere det eldste koret i universitetssamanheng, sidan vi jo er eldre enn Universitetet i Bergen, seier han.

—Kva har du å seie om Johannessen som dirigent?

— Han er jo utdanna i song og har løfta koret veldig. Særleg når det gjeld klang. Vi synest alle at Johannessen er framifrå som dirigent. Han har det openbert også veldig kjekt, seier Høie.

Medlem dei siste 60 åra

Gunnar Jacobsen (88) er korets eldste medlem. Han byrja i 1959.

— Etter krigen var det mangel på alt, inkludert musikkinstrument. Saman med ein kompis gjekk eg til fleire korps her i byen, men ingen hadde plass til oss, seier han.

Ved russeavslutninga i 1950 høyrde Jacobsen Studentersangforeningen synge på trappene ved museet. Koret sang Integer Vitae, ein gamal studentsang skriven av den romerske diktaren Horats. Det var då han bestemte han seg for å byrje i koret.

— Det var noko med den som greip meg. Integer vitae er framleis favorittsongen, saman med Sang til Bergen, som vi syng på 17. mai, seier korveteranen.

— Ville ikkje vore utan

Jacobsen meiner at Studentersangforeningen i Bergen er ei fin foreining å kome inn i. Det er kvalitet på songane, og du får venner for livet.

— Mange av mine songbrør er døde i dag. Av dei som framleis er med i koret, har eg hatt vennskap gjennom fleire tiår. Vi har eit sterkt miljø utanom koret, også med familiane våre. Det var aldri slik at konene våre klaga på at vi skulle på korøving, tvert om.

Før Gunnar Jacobsen blei pensjonist, jobba han i eit reiarlag og reiste verda rundt for å forhandle. Den litt ampre stemninga på møtene kunne fint løysast opp med nokre strofer, fortel 88-åringen.

Dette er eit kor som held på sine songarar. Enkelte medlemmar har møtt over 2000 gongar på øvingar og konsertar gjennom åra.

— Koret betyr mykje, og eg ville ikkje vore utan det. Eg er med vidare så lenge dirigenten vil ha meg der, seier Jacobsen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed