Gir ut stort verk om Fløgstad sine verk

Publisert:2. november 2018Oppdatert:2. november 2018, 06:00
Heming Gujord gir ut Fløgstad verk på Samlaget. Dette er den første boka førsteamanuensen i nordisk litteratur gir ut på nynorsk.

Førsteamanuensis Heming Gujord si nye bok «Fløgstad verk» tek føre seg både verk og portar og anna hos forfattaren Kjartan Fløgstad.

Både tittel og utforming av framsida peikar kanskje i ein bestemt retning. Men "verk" er ikkje berre ein ting, peikar Heming Gujord på. Ill: Samlaget

– Ein ser ikkje på arbeidsmiljølova når ein skriv bok.

Heming Gujord, førsteamanuensis i nordisk litteratur, humrar.

Prosjektet som byrja då han hadde forskingstermin, vart brått litt større. No kjem det ut mellom to permar på Samlaget: Boka «Fløgstad verk».

Vanskeleg å setja i bås

– Kvifor Fløgstad?

– Han er ein av dei sterkaste, norske samtidsforfattarane. Han er god litterært, og han skriv om både politikk, historie og samfunn – den ytre verda. Dette er også noko Fløgstad legg vekt på sjølv, seier Gujord.

– Og når ein litteraturforskar seier «god» så meiner du?

– For det første må bøkene tola å verta lesne fleire gongar, dei må opna seg og visa nye sider. Det må ligga noko meir der enn det som ligg i tekstoverflata. Det gjer det i prinsippet alltid hos Fløgstad, men som lesar må ein akseptera motstand i teksten.

Kjartan Fløgstad har vore forfattar i femti år. Han er fødd i Sauda, ein av dei store industristadane, med industriverket som hjarta. Og Fløgstad sjølv har arbeidd der. Men seinare studerte han mellom anna litteraturvitskap ved UiB. Debuten kom med diktsamlinga Valfart i 1968, men det er romanane han er mest kjent for. Dalen Portland, som kom i 1977, ga forfattaren Nordisk Råds litteraturpris.

Medan andre forfattarar på 1970-talet, som Dag Solstad, Espen Haarvardsholm og Tor Obrestad, var klart politiske, og klart plasserte på venstresida, er Fløgstad vanskelegare å setja i bås.

– Han går på tvers av kategoriane. Debuten var sein-modernistisk, men etter kvart byrjar han å bearbeida kulturbakgrunnen sin frå Ryfylke, både industrikulturen men òg det førindustrielle, seier Gujord.

– Politisk har Fløgstad stått støtt som venstrematerialist, utan parti, men likevel sterkt kritisk til AKP (ml). Han har vorte kritisert for å ha for stor tru på den marxistiske utopien – kva kunne Sovjet vorte?

Tre portar - og fleire typar verk

Gujord skriv i innleiinga til boka, i kapittelet «Innstempling» at «Fløgstad verk gir ei heilskapeleg framstilling av bøkene til Kjartan Fløgstad med særleg vekt på skjønnlitteraturen. Ein kan lese boka som ein skriftbiografi der eg følgjer spora til Fløgstad heilt frå debuten i Vinduet i 1967 og fram til utgivinga av Sandharpesongar våren 2018». Han skriv òg at det finst linjer mellom liv og verk – sjølv om dette er noko som vert diskutert blant litteraturvitarar.

– Sei noko om tittelen. Hadde ikkje «Fløgstads verk» vore meir logisk?

– Eg er svært nøgd med denne tittelen, han ga seg sjølv av materialet. Omgrepet «verk» spelar på tilknytinga Fløgstad har til industrikulturen, men òg til det litterære. Eit verk kan vera ei bok eller fleire – eller eit verk om Fløgstad. Eg håpar tittelen svarar til assosiasjonane, seier Gujord.

Fløgstad er namnet på ein gard i Sauda. Der finn ein ein av tre portar, som Gujord skriv om i boka. Dei skildrar på kvart sitt vis inngangen til noko anna:

– Porten på Fløgstadåsen, som er porten til det tradisjonsorienterte, porten til smelteverket, som viser industrikulturen, og så porten på lossekaia. Den vert porten til vegen vidare, og samstundes eit bilete på det som vert eksportert ut – og det som kjem inn, seier Gujord.

Tok Kittang feil?

«Fløgstad Verk» er fagfellevurdert, og førsteamanuensen seier at han skriv seg inn i ein forskartradisjon, og meiner at ein kvalitet ved nokre av dei som kom før han ved nordiskfaget ved UiB er at arbeida deira framstår som slitesterke på tvers av dei konjunkturutvekslingane ein finn i litteraturforskinga.

Atle Kittang var ein nestor i litteraturvitskap. Han var òg ein av forskarane Fløgstad var i debatt med. Første gongen handla det om Dalen Portland. Boka skulle meldast i Syn og Segn, der professor Atle Kittang og forfattar Tor Obrestad skulle skriva kvar si melding. Så skulle Fløgstad få tilsvar. Gujord skildrar korleis det heile gjekk til: «Replikkvekslinga mellom Atle Kittang og Kjartan Fløgstad er eit verkeleg meistermøte. Dei to fremste litteratane frå generasjonen som var fødd under krigen, møtest til duell. Det er sonen av skulesjefen i Kinn i Sunnfjord mot industriarbeidarsonen frå Sauda. Kittang har vore professor i fleire år allereie. Ti år tidlegare var han endåtil læraren til stud.philol. Fløgstad. Slik sett stiller Kittang med eit akademisk overtak. Men det er Fløgstad som er kunstnaren av dei to, og han har ved fleire høve vist at han ikkje respekterer meritokratiets spelereglar og hierarkia ved universitetet. Skjorte og slips møter lump og trekloggar. Det bli eit meistermøte for historiebøkene».

– Romanen er sett saman av ein realistisk og ein fantastisk del, og Kittang meinte at romanen ikkje hang godt nok saman. Men professoren antyda seinare at han hadde tatt feil, seier Gujord.

Dei intellektuelle kampane

Seinare har Fløgstad vore i kamp med fleire intellektuelle; Bernt Hagtvet, Rune Slagstad og Hans Fredrik Dahl. Noko var eit resultat av at Fløgstad skreiv eit essay der han skreiv at dei norske venstreintellektuelle hadde fått Berlinmuren i hovudet – altså at dei gjekk maktas ærend. Men i Morgenbladet 2016 var det Fløgstad sjølv som kom dårlegast ut, skriv Gujord, etter ein debatt med den unge forfattaren Eddy Belleguele.

Fløgstad er ikkje mindre politisk enn andre, men han koplar politikken saman med litteraturen gjennom det kunstnarisk

Gujord skildrar ein forfattar, som, slik han ser det, finn konfliktlinjer som vert bearbeidde litterært. Han meiner at «Nordaustpassasjen» (2012) kan lesast som ein 22.juli-roman.

– Kulturmarxisme var eit ukjent omgrep i Noreg fram til 22. juli 2011. Men Fløgstad skriv om jakta på kulturbolsjevismen allereie i Grense Jakobselv, seier Gujord om romanen som kom i 2009.

– Fløgstad er ikkje mindre politisk enn andre, men han koplar politikken saman med litteraturen gjennom det kunstnariske.

Intervjua Fløgstad

Bakerst i «Fløgstad verk» finn ein litteraturlista. Gujord har lese alt Fløgstad har skrive, og sjølvsagt mykje sekundærlitteratur. I tillegg har han intervjua forfattaren to gonger under arbeidet med boka.

– Mykje av det eg skriv mellom anna om «Det 7. klima» er referert frå samtalar med Fløgstad. Det har vore ein veldig verdifull kontakt, seier Gujord.

– Blant alt han har skrive, er det mogleg å plukka ut ein favoritt?

Gujord tenkjer.

– Det er vanskeleg å trekkje fram ein favoritt. Men eg vil gjerne trekkje fram U3 frå 1983 som ein underkjent roman, seier Gujord om militærromanen som òg er skildringa av ei klassereise.

– Det endar i eit forlis.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed