HVL går inn i Khrono

Publisert:30. november 2018Oppdatert:30. november 2018, 09:59
HVL-rektor Berit Rokne har lenge signalisert at det kan vera interessert å gå inn i Khrono. No har høgskulestyret vedteke forhandlingar.

Høgskulen på Vestlandet går inn med ei stilling i Khrono. I tillegg har Universiteta i Tromsø og Agder no sagt ja til å vera med i nasjonal sektoravis.

UiB-styret sa, som På Høyden har skrive, torsdag ja til å gå inn i Khrono. Løysinga vert ein redaksjon med seks stillingar i Bergen. Men i tillegg kjem det ei sjuande stilling, frå Høgskulen på Vestlandet (HVL).

HVL handsama saka på sitt styremøte torsdag. Rektor Berit Rokne har tidlegare ved fleire høve varsla at å gå inn i Khrono er noko som kan vera interessant for høgskulen. I sakspapira heiter det at «som høgskole har HVL en klar interesse av at det finnes medier som sørger for diskusjon om og i UH-sektoren. Dette er viktig både for forutsigbarhet og åpenhet i utviklingen av sektoren, for å bidra til å avdekke feil og mangler generelt, sette dagsorden og for å sette et kritisk søkelys på høyere utdanning og forskning i Norge».

Torsdag vedtok styret at rektor får fullmakt til å avslutta forhandlingane med Oslomet. HVL skal gå inn med ein million kroner i året i tre år.

Ja i Tromsø

Også Universitetet i Tromsø (UiT) vedtok torsdag å gå inn i Khrono. Som HVL skal UiT finansiera ei stilling. I sakspapira heiter det at UiT er det einaste breiddeuniversitetet som ikkje har eller har hatt ei eiga avis som er redigert under Redaktørplakaten.

- Det er eit mål å dreia fokuset for dei interne kommunikasjonsrådgivarane våre frå produksjonen av nyheitsartiklar til meir forskings- og marknadskommunikasjon, heiter det.

Det er ikkje sagt noko om kor stillinga UiT finansierer skal plasserast. Men det heiter i sakspapira at ein medeigarskap i Khrono vert forventa å styrka fokus på og nyheitsdekninga av sektoren i nord. Ifølgje Khrono sa rektor Anne Husebekk i møtet at UiT ikkje vil krevja ein fast medarbeidar i nord.

UiA skal forhandla

Universitetet i Agder (UiA) handsama saka om eigarskap i Khrono onsdag. Her er det ikkje sagt noko om kor mykje pengar universitetet skal gå inn med. Kommunikasjonsdirektør Paal Pedersen skriv i ein epost til På Høyden at universitetsstyret vedtok å gi universitetsdirektøren fullmakt til å inngå avtale om eigarskap i Khrono. UiA vil ikkje kommentera økonomiske spørsmål eller anna innhald i forhandlingane før forhandlingane er avslutta.

Tidlegare har Universitetet i Stavanger (UiS) og Universitetet i Sørøst-Norge (USN) sagt ja til Khrono. UiS har eit vedtak som liknar på UiA sitt, men ved USN har styret vedteke at rektor får fullmakt til å inngå ein avtale med Oslomet avgrensa til ein halv million kroner årleg.

Dei to største universiteta, NTNU og UiO, har så langt site på gjerdet. NTNU-leiinga har tidlegare sagt til På Høyden at dei vurderer å gå inn i Khrono, og leiinga på UiO har signalisert at dei kan tenkja seg å bidra med ein million kroner i året. Men saka er ikkje handsama i UiO-styret.

Oslomet sitt styre skal handsama sak om sektoravis på styremøte 14. desember.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed