Kvifor har denne karen raud lue?

Publisert:3. desember 2018Oppdatert:3. desember 2018, 10:30
For nokre år sidan hang desse utanfor høgteknologisenteret. Det var sikkert kaldt, men må nisselua vera raud? Foto: Gudrun Sylte

Dei første dagane er det kulturvitar Line Førre Grønstad som serverer julete spørsmål i På Høyden sin adventskalender.

Det er adventskalender-tid. I år har På Høyden-redaksjonen invitert nokre forskarar som kan litt meir om noko «julete» enn oss andre. Dei kjem med spørsmål til lesarane, og svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande førjulspremie.

Først ut er kulturvitar Line Førre Grønstad, som er stipendiat ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Veit du svaret på dagens spørsmål, sender du det til tips@pahoyden.no innan tysdag kl 10.

Dei to første vinnarane er trekt ut: Elisabeth Hagen Hjellbrekke var blant dei som visste at det første julekortet vart sendt i Storbritannia i 1843, og Ester Myhre visste at Lussi ikkje var snill, men rett og slett ein kvinneleg skremselsfigur som kom natt til 13. desember for å sjekka at alt var klart til jul. Dei kan henta ein velsmakande premie i Christies gate 13.

Dagens spørsmål handlar om han som for mange kanskje er det viktigaste ved jula: Nissen. Men kvifor har nissen raud lue?

- På grunn av marknadsføring frå Coca Cola.

- Raudt var lenge krevjande å framstille slik at raudfargen symboliserte at noko var ekstra staseleg. Sidan dei norske nissane høyrde til dei underjordiske og usynlege, og desse gjerne vart framstilt med finare og betre utstyr enn menneska, hadde dei gjerne raude luer.

- For å vise motstand mot okkupasjonsmakta under andre verdskrig.

 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed