Mange har fått, men nokre tener framleis under 400 000

Publisert:27. november 2018Oppdatert:27. november 2018, 06:00
Ved Det medisinske fakultetet finn ein nokre av dei som tener dårlegast ved UiB: Tannhelsesekretærar og forskingsteknikarar. Foto: Dag Hellesund

Resultatet frå dei lokale lønsforhandlingane viser at mange av dei som har levert lønskrav, har fått lønsauke. Men framleis finst det UiB-tilsette som tener godt under 400 000 kroner i året.

– Me har jobba hardt for å få løfta løna til tannhelsesekretærar. No har me fått til at ingen skal ha mindre enn lønstrinn 38 når dei vert tilsett ved UiB, seier Randi Heimvik.

Ho er hovudtillitsvald i Parat.

Måndag var resultata frå dei lokale lønsforhandlingane klare. Dei viser at mange tilsette har fått eit lønstillegg, i hovudsak eitt eller to lønstrinn. Men framleis er det slik at lønsskilnadane internt på UiB er svært store. I fjor fekk alle med lågast løn eit tillegg. Også i år er det mange av dei som tener minst som har fått litt meir. Men framleis finst det tilsette som tener godt under 400 000 kroner i året.

353 900 i året

– Me jobbar hardt for dei som er organisert hos oss, og noko av det me jobbar med er å auka løna til dei som tener minst. Fram til no har til dømes tannhelsesekretærar med fagbrev hatt ei begynnarløn på lønstrinn 34. Me ønskjer helst å få løfta alle tilsette opp til om lag lønstrinn 45, seier Heimvik.

På lønstrinn 44 har ein 403 000 kroner. Lønstrinn 34 er til samanlikning 353 900.

– Latterleg lågt, seier Jørgen Melve i NTL.

Han seier at det er tre grupper som skil seg ut med dårleg løn: Tannhelsesekretærar, betjentar på Universitetsmuseet og nokre tilsette i botanisk hage.

Melve tek til orde for ei anstendig løn til alle.

– Kva er det?

– Det er vanskeleg å definera dette, men det må gå an å leva eit normalt liv på ei løn frå UiB. Me ønskjer ikkje å ha så mange med lønstrinn under 40.

Melve seier at NTL er nøgde med at det er fleire enn før som får tillegg i dei lokale forhandlingane. Fagforeininga er oppteken av kjøpekraft, og synest det er viktig at tilsette reelt sett ikkje går ned i løn. Det gjer ein dersom det går fleire år utan at ein får lokale tillegg.

– Inflasjonen dei siste fire åra har vore om lag ti prosent. Lønstillegget frå sentralt hald har vore mellom tre og fire. Det betyr at dersom ein ikkje har fått noko lokalt i tillegg, har løna eigentleg gått ned. Me ser på lønsutviklinga for einskildtilsette dei fire siste åra når me forhandlar, seier Melve, og understrekar at både godt og mindre godt løna tilsette har krav på ei lønsutvikling.

Må stå på liste

For å få lønsauke i dei lokale forhandlingane må ein stå på ei liste: Anten fagforeiningane si eller arbeidsgivar si. Dersom namnet ditt står på ei av desse listene, må du forhandlast for. Tal frå både NTL, Parat og Forskerforbundet viser at dei fleste som sender inn krav på vegne av seg sjølv får ein lønsauke.

– Me har ein sterk mistanke om at det hjelper å søka, humrar Steinar Vagstad, hovudtillitsvalt i Forskerforbundet.

Løna uttrykkjer i bokstavelegaste forstand kor høg pris arbeidsgjevar set på sine tilsette

Han seier at knapt halvparten av medlemmene i Forskerforbundet har søkt. Av desse er det over åtti prosent som har fått ein lønsauke.

Totalt sett var det 32 millionar kroner som skulle fordelast. Akademikerne forhandlar for seg, Parat, Forskerforbundet og NTL forhandlar saman. I år har dei fleste stipendiatane fått eit flatt tillegg på eitt lønstrinn. Dette gjeld ikkje stipendiatane som berre er tilsett ut 2018.

– Det me ikkje er så nøgde med, er at listene frå arbeidsgivar inneheld for få namn. Eg synest det er for mange tilsette som ikkje er inne på listene i det heile. Løna uttrykkjer i bokstavelegaste forstand kor høg pris arbeidsgjevar set på sine tilsette, og viss ein ikkje er inne på arbeidsgjevarlista betyr det at arbeidsgjevar synest at ein bør få redusert kjøpekraft. Det er arbeidsgjevars ansvar å sørge for at dei fleste ansatte har ei lønsutvikling, meiner Vagstad.

– Kva må til for å få betre løn?

– For å bli høgt prioritert må ein anten ha gjort noko spesielt, altså gjort ein ekstraordinær innsats. Eller så må løna ein har vera ekstraordinært låg. Men no for tida blir så mykje av lønnsveksten fordelt lokalt at mange får lønnsvekst også utan å vere blant dei høgast prioriterte.

Heller ikkje NTL er nøgde med arbeidsgivar sine lister. Fagforeininga la inn ein protolltilførsel der dei seier at dei er glade for at fleire enn før får eit lokalt tillegg.

– Likevel er mellomleiarane overrepresentert med lønstillegg. Prosentvis er det fleire av dei i høgare stillingar som får tillegg. Deira lønstrinn er òg større enn lenger nede på stigen, så eitt trinn et meir av den felles potten, seier Melve.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed