NTNU vil vera i same båt

Publisert:12. november 2018Oppdatert:12. november 2018, 06:00
Kvart universitet, kvar sin båt. Men kanskje kan ein gjera noko felles, føreslær NTNU. Her er UiB-rektor Dag Rune Olsen ombord på Statsraad Lehmkuhl. Foto: Knut Egil Wang

Arendalsuka er først og fremst ein dialogarena, meiner NTNU. Dei vil har dei andre universiteta med på felles arrangement.

1100 arrangement. Det var status for Arendalsuka 2018. Hundre av desse stod akademia for. No ønskjer NTNU ein debatt om sektoren heller bør gå saman enn å stå på kvar si scene og ha kvart sitt opplegg.

– For oss er Arendalsuka først og fremst ein dialogarena. Kanskje skal me invitera dei andre universiteta til ein diskusjon om me kunne gjort noko felles, altså hatt arrangementa våre på ein felles båt?

Det seier Stein Mortensholm, seniorrådgivar ved kommunikasjonsavdelinga ved NTNU. Når han seier båt handlar det rett og slett om at mange av arrangementa går av stabelen om bord på båtar som ligg til kai i Arendal.

– Kanskje kunne me på denne måten òg løfta spørsmål som er viktige for sektoren, som langtidsplan for forsking og EU sitt rammeprogram, seier Mortensholm.

– Og kanskje kunne me òg drive meir med rein forskingsformidling.

Menneskelege ressursar

– Ein sunn og god tanke, og noko som ikkje er heilt framand for meg, seier UiB sin kommunikasjonsdirektør Tor Godal om forslaget frå NTNU.

– Førebels har eg berre høyrt om dette på idéplan, men eg meiner slike former for samarbeid er noko ein kan diskutera.

På Høyden har skrive om kor mykje pengar dei ulike universiteta brukte på dagane i sørlandsbyen i august. Men mykje av arbeidet skjedde naturleg nok på førehand. Tal frå kommunikasjonsavdelinga (KA) ved UiB viser at dei to siste vekene før arrangementet i Arendal gjekk det med 1,5-to stillingar til arbeid knytt til Arendalsuka. Deretter var det fire frå avdelinga som var i Arendal i fem dagar, medan to tilsette var der i tre dagar.

Totalt sendte UiB 38 tilsette til Arendal i ein eller fleire dagar. UiO sendte hundre, og NTNU 31.

Rune Indrøy, som no jobbar deltid frå USA, er tilsett ved universitetsdirektøren sitt kontor for å ha ansvar for kontakt med styresmaktene. Han koordinerte mykje av arbeidet med Arendalsuka, og skriv i ein epost til På Høyden at det vart arrangert seks store planleggingsmøte og nokre mindre møte før ein reiste til Arendal. Totalt var i underkant av tjue UiB-tilsette involvert i ymse arbeid knytt til Arendalsuka på førehand.

Eit funn

– Sett frå kommunikasjonsavdelinga si side er Arendalsuka eit funn, seier Godal.

Han utdjupar:

– Gjennom heile året skal me driva med omdømmebygging og profilering, noko som kan vera ressursmessig krevjande. Men så finst det altså eit arrangement der terskelen for å kunne påverka dei som til vanleg ikkje er så lette å nå, er svært låg.

Godal vart tilsett ved UiB 1. juni, og var difor ikkje med på å ta avgjerdsler kring kor mykje ein skulle satsa på Arendalsuka i år. Han seier at magekjensla hans likevel er at nivået ein la seg på i år er rett, og at det er det som kjem til å verta vidareført.

– Sjølv om Arendalsuka som sagt kan vera eit funn, betyr det sjølvsagt ikkje at det ikkje er nokre grenser for kva me skal driva med der. Det er ein sunn debatt for alle organisasjonar som deltek i Arendal; kva får me att for å vera der? Og står det me får att i forhold til det me puttar inn av ressursar?

Arbeidet med 2019 i gang

Fristen for å melda inn innspel til hovudprogrammet til Arendalsuka 2019 er allereie ute. Det betyr at arbeidet ved UiB òg har vore i gang ei stund.

– Det eg har høyrt på KA er eit stort engasjement for Arendalsuka. Det er eit godt høve for oss til å visa fram det me er stolte av og det som er primæroppgåva vår, nemleg forsking og utdanning. Samstundes er det eit bransjetreff for UH-sektoren, og ein måte å få med seg ny inspirasjon med seg heim på. Noko av det mest givande synest eg er å gå på føredrag og debattar der eg kan tenkja at «sånn gjer dei det. Kanskje det er noko for oss òg», seier Godal.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed