Trur på nasjonal toktkomite for havforskning

Publisert:1. november 2018Oppdatert:1. november 2018, 06:00
Anne Husebekk, Sissel Rogne og Ole Arve Misund styrer FF Kronprins Haakon til 1,4 milliardar kroner. Regjeringa er lite interessert i å gjere endringar på eigarsida. Foto: Havforskingsinstituttet

Stortingsrepresentantane Ruth Grung (Ap) og Kjersti Toppe (Sp) har tatt opp korfor UiB ikkje er med blant eigarane av forskingsfartøyet Kronprins Haakon, men departementa avviser å endre eigarbrøken. Å opprette ein nasjonal toktkomite kan vere løysinga, trur Grung.

Hordalandsrepresentat Ruth Grung (biletet) spurde fiskeriminister Harald Tom Nesvik om kva han vil gjere for å få ein driftsmodell for den nye forskingsisbrytaren FF Kronprins Haakon som sikrar at dei fagleg beste forskingsprosjekta blir prioriterte til forskingstid om bord.

Bare verktøy

Men Nesvik avviser å gjere om på eigarforholda til fartøyet, som er 50 prosent eigd av Universitetet i Tromsø – Norges arktiske universitet (UiT), 30 prosent av Norsk polarinstitutt og 20 prosent av Havforskingsinstituttet. «Forskningsfartøy er i likhet med laboratorier, forskningsstasjoner, tungregningskapasitet, satellitter mv. bare verktøy i forskningen» skriver ministeren, som meiner at dei beste forskingsprosjekta må prioriterast gjennom forskingsfinansiering.

Korfor det likevel er riktig å låse eigarbrøken for FF Kronprins Haakon gir han ikkje svar på.

Kan leige seg inn

Kjersti Toppe har spurt forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø, som deler ansvaret for isbrytaren saman med Nesvik og klima- og miljøminister Ola Elvestuen, om kva ho vil gjere for å sørgje for at UiB blir sikra tokttid.

Ho viser til at UiB har ein avtale med Polarinstituttet om å samarbeide, og at andre institusjonar uansett kan leige seg inn og betale for tokttid på Kronprins Haakon.

Nasjonal toktkomite

Ruth Grung er ikkje nøgd med at det ikkje er vilje i departementa til å gi UiB fast tokttid, ikkje minst i lys av at UiB er den klart største polarforskingsinstitusjonen i landet.

– Eg registrerer at regjeringa ikkje vil ta grep for å sikre at relevante forskingsmiljø får naudsynt førehandsvisse, men må forhandle år for år med dei som har andelar i FF Kronprins Haakon. Norge er store innan polarforsking, men samtidig eit så lite land at vi må klare å samarbeide om dei forskingsfartøya som er finansierte over statsbudsjettet, seier Grung.

Ho har tru på meir samordning i framtida, noko som òg har vore foreslått før.

– Det burde vere etablert ein nasjonal toktkomite der ein blei einige om kva prosjekt som skal prioriterast, og ein rettvis finansieringsordning, seier ho til På Høyden.

Gå saman med UiT og andre

I mangel av hjelp frå departementa trur ho det kan vere håp i samarbeid mellom institusjonane:

– Når regjeringa ikkje tek ansvar håper eg at UiT og UiB kan bli einige om å etablere ein slik nasjonal toktkomite saman med andre relevante miljø.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed