UiB-professor: – Norsk kan vi heller ta vare på i daglegspråket

Publisert:13. november 2018Oppdatert:13. november 2018, 08:25
Dess meir vi kan nå ut med forskinga vår, dess betre, og då må engelsk ha prioritet, meiner professor i psykologi ved Universitetet i Bergen, Torill Lindstrøm. Foto: Njord V. Svendsen

– For å lykkast i systemet, må du skrive på engelsk. Det å publisere på norsk er nærast diskrediterande, seier psykologiprofessor Torill Lindstrøm.

Engelsk tar stadig større plass på norske universitet, som På Høyden tidlegare har skrive om. Nitti prosent av det norske forskarar publisererte i 2017 var på engelsk. Særleg innan fagområde der norsk tradisjonelt har stått sterkt, som humaniora og samfunnsvitskapen, er nedgangen i bruk av morsmålet markant.

Dette uroar både Språkrådet og statsråden for forsking og høgare utdanning, Iselin Nybø. Nybø har tidlegare bede forskings- og utdanningsinstitusjonane om å trappe opp innsatsen for å ta vare på norsk språk. I dag arrangerer ho konferanse om bevaring av norsk som fagspråk saman med kulturminister Trine Skei Grande. Konferansen kan du følgje HER, direkte frå kl. 13.00 tysdag.

– Diskrediterande

Ein av stadane der norsk knapt har status som fagspråk, er ved Institutt for samfunnspsykologi ved Universitetet i Bergen (UiB). Her er engelsk ikkje berre det dominerande publiseringsspråket – forskingsgruppene bruker også «engelsk som arbeidsspråk», som det heiter på nettsidene.

– Det å publisere på norsk er nærast diskrediterande, seier professor Torill Christine Lindstrøm.

Ho er med i DICE, ei av forskingsgruppene ved instituttet. DICE står for decision making, intution, conciousness og emotion, som er emna dei forskar på.

Som ein av svært få forskarar i verda som kombinerer fagfelta arkeologi og psykologi, kan Lindstrøm vanskeleg sjå for seg norsk som arbeidsspråk.

– Før var det latin, no er det engelsk som er det akademiske lingua franca. Det er bra at vi har dette felles språket. Tenk for eksempel på kjempegod forsking frå Kina som blir publisert på engelsk – tenk om du måtte lære deg kinesisk for å kunne lese og få tilgang til dette! Det er avgjerande at vi formidlar kunnskap på eit språk som alle kan forstå, seier professoren.

Fleire forelesingar på engelsk

Ho peikar på at forskarar frå enkelte land, som Italia og Hellas, i stor grad skriv på sitt eige språk. Det gjer at dei ekskluderer seg sjølve frå ein større, internasjonal fagleg fellesskap.

– Det fører til at dei blir lesne av veldig få, seier Lindstrøm.

Ho legg til at tellekantsystemet også bygger opp under engelsk som publiseringsspråk.

– Forskarar vil gjere det som blir rekna som meritterande og publiserer der dei får mest utteljing. Skal du lykkast i systemet, må du skrive på engelsk. Det er «fagfellevurderte internasjonale artiklar»,  som er den akademiske «valutaen», understrekar ho.

Saman med seg i forskingsgruppa DICE har Lindstrøm både norske og utanlandske kollegaer. Dei fleste har lært seg norsk. I det daglege, i møte og kommunikasjon mellom forskarane i gruppa, går det både i norsk og engelsk, alt etter kven som er til stades og kva som fungerer i samanhengen.

Realfagprofessor: - Vil forelese på norsk

Medan bruk av norsk som publiseringsspråk har gått ned innan samfunnsvitskapen, som psykologifaget sorterer under, har norsk som publiseringsspråk lenge vore nesten fråverande i realfag og teknologiske fag.

Dette er ikkje det same som at norsk språk ikkje er i bruk eller blir diskutert hos realistane.

– Eg føler at engelsk pressar seg på meir og meir, seier Rolf Eckhoff.

Han tok sin første høgare grad ved NTH i 1961 og vart etter kvart den fremste eksperten i Noreg på noko så spesialisert som støveeksplosjonar. I arbeidet med forsking og utarbeiding av retningslinjer for industri har utvikling av norsk vokabular vore viktig for Eckhoff.

– I faget eksisterer ikkje norsk tidsskrift å publisere i. Desto viktigare blir det jobbe med norsk og ta vare på språket på andre måtar, seier han.

Ein måte er, ifølgje Eckhoff, å halde førelesingane på norsk. Han har nokre gonger førelest på engelsk ved UiB, fordi det har vore ein eller to som ikkje kan norsk i forsamlinga – og dei norske studentane har ønskt å ta omsyn til den eine. Helst skulle han sett at tilpassinga gjekk andre vegen. 

–  Ei gong skar eg gjennom og heldt forelesinga på norsk, trass i at ein student ikkje kunne norsk. Det er jo fullt mogleg å ta eksamen, med lærebøker på engelsk. Eg saknar retningslinjer, og helst vil eg ha retningslinjer som seier at førelesningar skal haldast på norsk, seier Eckhoff.

– Mange studentar dårlege i norsk

Også på psykologi føregår forelesningane oftare enn før på engelsk. 

–  Svært få av dei internasjonale studentane lærer seg norsk. Så om vi har ei gruppe på 20 studentar, og ein av dei ikkje kan norsk, tar vi førelesinga på engelsk. Det er vi forplikta til, meiner ho.

Heilt uproblematisk er dette likevel ikkje, meiner professoren: Mange utanlandske studentar er svake i engelsk. Dei norske er heller ikkje nødvendigvis så gode i engelsk.

Når det gjeld norske studentar, er det særleg skriftspråket som uroar.

– Mange av studentane er  dårlege i norsk. Eg har også sett tekstar der studentar har brukt ein  engelsk tekst og køyrt gjennom Google Translate og limt det inn i oppgåver. Det er urovekkande, seier Lindstrøm.

Engelsk er i mindre grad i bruk som skriftspråk på lågare nivå. På høgare nivå, og særleg på ph.d-nivå, må ein skrive på engelsk, i alle fall om ein skal publisere, meiner Lindstrøm.

– Vi må tenke funksjonelt. I den vitskapelege verda er det stort sett engelsk som gjeld. Dess meir vi kan nå ut med forskinga vår, dess betre. Det norske språket må vi heller ta vare på i daglegtalen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed