Ei søt freisting

Publisert:8. desember 2018Oppdatert:8. desember 2018, 06:00
Det skal bakast både stort og smått til jul. Dagens spørsmål handlar om ei fransk kake. Foto: Hilde Kristin Strand

Stian Suppersberger Hamre har gitt ut ei eiga kokebok med julekakeoppskrifter. Her er hans kalenderspørsmål.

Eigentleg er han biologisk antropolog og skjelettekspert, men Stian Suppersberger Hamre er med i På Høyden sin adventskalender fordi han har stor kompetanse på julebakst. I 2012 ga han ut boka «Julens kaker & andre fristelser». I år har På Høyden nemleg invitert nokre forskarar som kan meir om noko «julete» enn oss andre. Dei stiller spørsmål til lesarane. Svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande premie.

Dagens spørsmål må me ha svar på innan måndag kl 10. Svaret sender du som vanleg på epost til tips@pahoyden.no

Ei kake som kjem i mange variasjoner både når det gjeld utsjånad og smak, men som tek utgangspunkt i ei enkel rullekake. Kva heiter ho, den flottaste av dei franske julekakene?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed