Evakuerte 70 etter brann i keramikkomn

Publisert:4. desember 2018Oppdatert:4. desember 2018, 10:16
Røykutviklinga oppsto i tilbygget til venstre for hovudbygget i bildet. Deretter blei røyken sugd inn i ventilasjonsanlegget til heile bygget. Foto: Dag Hellesund

Det blei storutrykning då brannvesenet fekk melding om brann på Fakultetet for kunst, musikk og design mandag kveld.

Brannalarmen gjekk klokka 18.29 mandag då det kom røyk inn i bygget til fakultetet i Møllendalsveien. Men det viste seg at røyken var trekt inn i bygget via ventilasjonsanlegget, og sjølve røykutviklinga kom frå sidebygget, der ein var i ferd med å brenne keramikk i ein omn.

– Det er snakk om ein utvendig keramikkverkstad med ein omn som er driven av gass, fortel eigedomsdirektør Even Berge.

– Politiet gjer åstadsgransking i føremiddag. Så får vi etterpå prøve å finne ut kva som har skjedd, om det til dømes var feil på utstyret.

Fakultetsdirektør Synnøve Myhre kom raskt til staden etter brannmeldinga i går.

– Evakueringa gikk veldig rolig, fortel ho.

Brannen skjedde under eit keramikkurs for ein del av studentane. I tillegg måtte andre studentar og tilsette i hovudbygget evakuerast, men dei fekk komme inn igjen rundt klokka 19.20.

Det er ein del skader rundt keramikkovnen, som var på veg til å bli kjølt ned då røykutviklinga kom. Brannvesenet måtte mellom anna ta ned ein vegg nær omnen.

– Vi veit ikkje om omnen kan brukast igjen, seier Myhre til På Høyden.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed