Forskaren som laga si eiga julekokebok

Publisert:6. desember 2018Oppdatert:6. desember 2018, 10:00
Stian Suppersberger Hamre bestemte seg for å gi ut ei eiga julekokebok. Så sagt, så gjort.

Kor lang tid tek det å laga ein deig, spør Stian Suppersberger Hamre retorisk.

– Eg har aldri forska på jul, humrar Stian Suppersberger Hamre.

Han er biologisk antropolog, var knytt til det tidlegare mellomaldersenteret ved UiB, og ekspert på skjelett. Men likevel er han altså invitert inn i På Høyden sin adventskalender.

I år har redaksjonen nemleg invitert nokre forskarar som kan litt meir om noko «julete» enn oss andre. Forskarane kjem med spørsmål til lesarane, og svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande førjulspremie.

Baka alt sjølv

I 2012 kom jula tidleg hos familien Suppersberger Hamre. Far hadde bestemt seg for å gi ut kokebok med oppskrifter på julekaker og anna søtt og godt ein et i desember, og laga alt sjølv heime ved kjøkenbenken. Resultatet vart boka «Julens kaker & andre fristelser».

– Eg kjøper ikkje julekaker, eg bakar. Det tek kort tid, og det er gøy, seier Hamre.

– Kor lang tid tek det eigentleg å laga ein småkakedeig?

Han svarar sjølv:

– Ti minutt. Og så må du steika kakene. Det var mange som var glade for å få litt julebakst i 2012.

I boka skriv Hamre litt om dei ulike kakene. Mellom anna har han med ei oppskrift frå nettopp mellomalderen. Den gong kosa dei seg òg med konfekt, oppskrifta på daddel- og ingefærkuler er henta frå England.

Vil hogga treet sjølv

– Jula er den einaste tida på året der det er greitt at det er litt surt og kaldt, meiner Hamre.

I tillegg til å baka likar han å pynta, og tek gjerne sønene med for å hogga juletre. Kona er frå Østerrike, så familien har teke med nokre juletradisjonar frå hennar heimland òg.

– Kva er julekakefavoritten din?

Hamre tenkjer.

– Eg likar best å laga tyske skiver. Eg plar byrja litt tidleg, det er godt med ei julekake til kaffien òg før jul. Og byrjar ein tidleg, vert det ikkje så stress heller.

Nummer to

Dei første desemberdagane var det kulturvitar Line Førre Grønstad som kom med julespørsmål. Frå i dag er det Stian Suppersberger Hamre. Regelen er som før: Svaret sender du på epost til tips@pahoyden.no.

Dagens spørsmål må me ha svar på innan fredag kl 10. Då vil vinnaren frå dagen før verta offentleggjort.

I luke fem spurte me om kva det betyr å hausta juletreet. Det er at barna fekk ta av pynten, og eta det som etast kunne. Dette visste mellom anna Karen-Margrete Hovland, som er trekt ut som vinnar. Gratulerer!

Dagens spørsmål:

Svineribbe med sprø svor, pinnekjøt med kålrabistappe, og lutefisk med diverse tilbehør har alle ein viktig plass i norsk julemattradisjon. Kven av desse rettane har den kortaste historia og kvifor?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed