Førti fekk heider for lang og tru teneste på universitetet

Publisert:13. desember 2018Oppdatert:13. desember 2018, 11:46
Rektor Dag Rune Olsen og assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden flankerer 40-årsjubilantane. Frå venstre: Villy Nielsen, Evy Foss Skjoldal, Bent Liisberg og Gunnar Høvding. Foto: Njord V. Svendsen

Det var uvanleg mange krystallugler i Knut Fægris hus denne veka. Heile 40 tilsette vart heidra for lang og tru teneste på universitetet.

Det gjekk føre seg som det brukar, med høge glas og stas under lysekronene i Knut Fægris hus. Men denne gongen var det knapt plass til alle i trappa då På Høyden tok det etter kvart tradisjonsrike bildet av jubilantane ved Universitetet i Bergen (UiB).

Fire vart feira for heile 40 år i arbeid for universitet – og 36 for eit kvart hundreår.

Administrative, vitskapelege – som kanskje er blitt noko meir administrative med åra dei også – var der, og rektor Dag Rune Olsen i det som kan ha vore eit raudt UiB-slips og assisterande direktør Tore Tungodden med blått.

Før smørbrød, alltid eit høgdepunkt, stod Frode Skag Storheim, masterstudent på Griegakademiet, for den åndelege føda: Eit musikalsk kåseri ved klaveret, som litt overraskande, men elegant sydde Claude Debussy i saum med Jakob Sande , via Grieg og Glade jul.

I naborommet stod ein heilt uvanleg stor stabel vasar og ugler i krystall klare for eit liv på peishyller og reolar, som synlege bevis på innsatsen for vestlandets universitet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed