Historia om kva som skjedde då universitetet ikkje hamna på Storetveit

Publisert:13. desember 2018Oppdatert:13. desember 2018, 06:00

Har du tenkt over kor mange av bygga på Nygårdshøyden som faktisk er eigde av UiB? Ei ny bok fortel historia om byuniversitetet.

– Eg visste ikkje at museumsbygget faktisk var eit universitetsbygg, innrømmer Åse Tveitnes.

– Og eg – som sentrumsbuar – hadde ikkje kontroll på kva hus på Nygårdshøyden som var UiB sine, seier Eva Røyrane.

Det var før dei vart tilsett på eigedomsavdelinga ved UiB. No står dei to bak boka den ferske boka «Byuniversitetet i Bergen. Freda og i full vigør». Røyrane er seniorkonsulent, Tveitnes er UiB sin kulturminneansvarlege.

Historia om boka byrja med forvaltningsplanane, som På Høyden tidlegare har skrive om. Riksantikvaren krev at det vert laga slike planar for freda bygg. Men forma på slike planar er ikkje veldig tilgjengeleg for eit allment publikum. Difor vert det no bok. Ho er tenkt for studentar og tilsette og som gåve som kan givast i UiB-samanheng, men er òg skriven for dei som bur i byen – og til sals på Studentsenteret.

Ei sta enkefrue

Historia om kvifor UiB vart eit byuniversitet startar lenge før det faktisk vart oppretta eit universitet i Bergen. I 1825 vart Bergens Museum grunnlagt og i 1865 kom nybygget øvst i Christies gate, på det som no er Museplass – i midtbygget til museet, som no vert rusta opp.

Nokre tiår seinare, i 1914, hadde kommunen fått hand om eigedommen Fastings Minde. I dag ser ein berre det kvite trehuset ved sidan av HF-bygget, men dette var ein stor eigedom. Både HF-bygget og Universitetsbiblioteket er plasserte på Fastings Minde-land.

– På den tida byrja ein å snakka høgt om eit universitet på Nygårdshøyden, fortel Røyrane.

Ho trekkjer fram enka etter doktor Rosenberg, som eigde området.

– Nokre hadde planar om å byggja ein ny, fjong bydel her oppe, det ser me òg i Sydneshaugkvartalet. Men enkefrua ville ikkje selja tomtar til spekulantar, som mellom anna ville byggja leilegheiter der universitetsbiblioteket ligg i dag. Ho trenerte saka grundig, og seinare var det ein advokat som overtok. Det var han som selde eigedommen til kommunen, fortel Røyrane.

Dette er ei av tre årsaker til at universitetet vart planlagt på Nygårdshøyden, meiner ho. Dei andre to var at nokre av dei viktigaste politikarane i Bergen på denne tida òg sat i styret for Bergens Museum. Dei løfta fram museet i ulike samanhengar. Dei same maktpersonane kjende andre med ulike typar makt, til dømes økonomisk kapital. Rike borgarar vart inviterte med til å betala for utviklinga i museet, noko dei gjorde i rikt monn.

Ulven eller Storetveit? Eller Indre Arna?

Først ut på det som seinare vart UiB var Geofysisk institutt, teikna av Egill Reimers. Nokre år tidlegare hadde han teikna Historisk museum, og han hadde skissert korleis ein campus på Fastings Minde-eigedommen kunne verta. Men ikkje før i 1946 kom det endelege vedtaket om at Universitetet i Bergen skulle opprettast. Det skjedde i Stortinget 9. april. Deretter starta arbeidet med å få fleire bygingar på plass. Først kom Kjernefysisk laboratorium og sidefløyane på Geofysen.

Men var det verkeleg slik at universitetet faktisk skulle vera i sentrum? Kring 1960 vart det presentert ulike planar for korleis eit byuniversitet kunne sjå ut. I boka vert det skildra korleis både grunneigarar og leigetakarar på Nygårdshøyden protesterte. Kva ville dette gjera med bumiljøet? Kunne ein ikkje plassera dette universitetet ein annan stad? Storetveit, Ulven i Os, Indre Arna og Åstveitskogen i Åsane vart nemnd som alternativ, og særleg for Storetveit vart det presentert planar for ein campus.

Slik gjekk det ikkje. I 1964 vedtok bystyret i Bergen at Universitetet i Bergen skulle byggjast vidare ut på Nygårdshøyden. Politikarane vedtok ein reguleringsplan som la band på eit stort område. Mange av dei som budde der, innsåg at det kanskje var lurt å flytta. Då begynte UiB å kjøpa.

– Først var det snakk om å riva alt det gamle, og det måtte rivast fleire villaer med store hagar for å få på plass Realfagsbygget. Men då det til slutt var ferdig, i 1977, hadde synet på byutvikling endra seg. Ein ville ikkje lenger erstatta dei gamle husa med blokker, fortel Røyrane.

Selde på 90-talet

Slik gjekk det til at mange UiB-tilsette fekk arbeidsplassen sin i noko som ein gong hadde vore ei leilegheit. På Høyden har tidlegare skrive om Sydneshaugkvartalet, som skulle vera leilegheiter for fiffen. Der er det no kontor.

– Etter kvart såg ein at ein hadde meir enn ein trong, og på 1990-talet var mykje av det UiB kjøpte på 1960-talet til forfall. Ein fekk høve til å kjøpa større og meir funksjonelle einingar, som autogården og Stein Rokkans hus, og ein selte 90 bygningar, seier Røyrane.

38 UiB-bygg er freda, dei fleste av dei ligg nettopp på Nygårdshøyden.

– Kor viktig er det å vera eit byuniversitet?

– Det handlar om identitet, om og å vera eit synleg universitet midt i eit levande sentrumsmiljø. For UiB er dette ein stor del av eigenarten, seier Tveitnes.

– Det hadde vore ei heilt anna historie dersom universitetet ikkje hadde lege i sentrum.

– Og når ein går rundt her oppe, går ein i eit heilt spesielt historisk miljø, med bygningar frå 1791 til i dag, legg Røyrane til.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed