I denne kjellaren finn du brev til nissen

Publisert:1. desember 2018Oppdatert:1. desember 2018, 10:00
Stipendiat Line Førre Grønstad likar seg i etno-folkloristisk arkiv. Brev til julenissen har fått si eiga arkivskuffe. Foto: Hilde Kristin Strand

I eit arkivrom i Øysteins gate finst brev som vart skrivne til julenissen på 1970-talet.

«I dag er det 1. desember», song raudnissane i Jul på Månetoppen. Og det er faktisk det i dag, og den aller første luka i På Høyden sin adventskalender vert opna. I år har redaksjonen invitert nokre forskarar som kan litt meir om noko «julete» enn oss andre. Dei kjem med spørsmål til lesarane, og svarar du rett, kan du vinna ein velsmakande førjulspremie.

“Er hos naboen”

Line Førre Grønstad viser veg til etno-folkloristisk arkiv i Øysteins gate. Grønstad er stipendiat i kulturvitskap ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap. Før ho vart tilsett ved UiB jobba ho i fleire år ved Norsk folkemuseum.

– Jula strukturerer året for oss, jul er noko me veit vil koma, og noko me kjenner att frå i fjor, seier Grønstad.

Etno-folkloristisk arkiv vart oppretta av Brynjulf Alver, den første instituttleiaren til Etno-folkloristisk institutt. Her finn ein dokumentasjon knytt til merkedagar, her finst intervju frå forskingsprosjekt og her finst resultat frå ulike dokumentasjonsprosjekt, mellom anna innsamla vitsar og gåter.

Grønstad dreg ut ei skuff merka «Nissebrev». Her er brev barn, og truleg nokre vaksne, frå heile verda har sendt til julenissen, og så har dei hamna i Noreg. Nokre er merka på utsida med «Santa Claus, Norway».

– Det er interessant kor ulike breva er. Nokre avsendarar, til dømes dei frå Nederland, skriv at dei ønskjer nissen ei riktig god jul. Andre skriv meir om kva dei ønskjer seg. Det søtaste brevet er kanskje barnet som opplyser om at i år skal familien feira jul hos naboen, så nissen vil finna dei der, smiler Grønstad.

Mange typar jul

– Kva betyr jula for moderne menneske?

– Det gir ei god kjensle å kjenna at ein er knytt til noko og nokon, men samstundes kjenner nok mange på stress i forhold til jula. Det er mykje ein skal få gjort; helst skal ein både baka litt og vaska litt, seier Grønstad.

Då ho jobba ved Norsk folkemuseum var ho med på førjulsarrangement der. Då vart det vist ulike julaftnar i dei ulike husa på museet, til dømes 60-talsjul i huset frå 1960-talet eller 1700-talsjul i den gamle sagastova. Dei tilsette var kledd ut, og serverte òg tidsriktig mat.

– Kor viktige er tradisjonane?

– Mange familiar har same tradisjonar frå år til år, og ein ønskjer å vidareføra noko av det ein vaks opp med når ein sjølv stiftar familie. Men samstundes lever me i ei tid der ein kan plukka opp gamle tradisjonar, som levande lys på juletreet eller å servera mølje (ein rett basert på kjøtkraft og flatbrød, som tidlegare nokre stader vart servert julaftan føremiddag, journ.anm). Samstundes har salet av juletre i plast auka dei siste åra, seier Grønstad.

Frist måndag

No er tida inne for å opna den aller første luka. Svaret sender du på epost til tips@pahoyden.no, innan måndag kl 10. Då vil vinnaren verta offentleggjort.

Spørsmål:

Når og kor kom det aller fyrste julekortet?

  • Storbritannia, 1843
  • Tyskland, 1901
  • USA, 1918

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed