Professor: - Rektor Olsen har «tatt ein Solheim»

Publisert:12. desember 2018Oppdatert:12. desember 2018, 08:47
- Nettopp innan akademia burde det vere særlege føresetnader for å finne alternativ til flyreiser, seier professor og ekspert på klimapolitikk og berekraftig reiseliv, Carlo Aall.

Universitetsfolk flyg som aldri før. Det bør dei slutte med, meiner professor og ekspert på klimapolitikk.

– Universitetet, som kunnskapens høgborg, der haldning og handling skal dannast, bør gå i front for å kutte klimagassutsleppa. Når vi veit at flyreiser utgjer den største delen av utsleppa som skjuler seg bak ditt og mitt forbruk, er svaret gitt. Vi kan kort og godt ikkje halde fram på denne måten, seier Carlo Aall, professor ved Høgskolen på Vestlandet og forskar ved Vestlandsforsking i Sogndal.

Aall er ekspert på klimapolitikk og berekraftig reiseliv.

Det er få teikn til at tilsette på universiteta har planar om å redusere jobbreiser i høgare luftlag. I Universitetet i Bergen (UiB) sin statistikk går det fram at talet på bestilte flyreiser har gått jamt og trutt oppover dei siste åra. Heller ikkje ved dei andre universiteta er det teikn til nokon reell nedgang i talet på flyreiser.

Lite tyder på at dei øvste leiarane på universiteta vil vise veg til moderasjon.

Jet set-Olsen: - Tar seg dårleg ut

Som På Høyden har vist, har rektorane tvert imot tett reiseprogram, ofte til fjerne stader på kloden. Ved UiB, som har profilert seg tungt som berekraftuniversitet, har rektor Dag Rune Olsen reist på seg ein klimabagasje på minst 27 tonn på flyreisene sine siste året. Det svarar til gjennomsnittleg bilkøyring i 15-20 år.

Aall synest Olsens jetset-program tar seg dårleg ut.

– Leiarane i samfunnet, særleg i akademia, bør vere gode eksempel. Det kan sjå ut til at Olsen har «tatt ein Solheim», eller ein «Per Espen Stoknes», seier Aall.

Han viser til at begge har sagt at vi berre kan fortsetje å flyge, fordi el-flyet snart vil komme og løyse problemet. Erik Solheim gjekk nyleg av som FNs klimasjef etter kritikk blant anna for eit massivt reiseprogram med tilhøyrande CO2-utslepp.

Til På Høyden har rektor Olsen sagt at han ikkje har noko svar på korleis universitetet skal kunne nå målet om å bli klimanøytralt (som ikkje er det same som nullutslepp) i løpet av 11 år.

- Kvoter er avleggs

Kort tid etter at På Høyden la fram oversikt over klimafotavtrykka til universitetsrektorane, kom meldinga om at leiinga i Bergen no ønskjer å satse på kjøp av klimakvoter for flyreiser. Aall synest heller ikkje dette er noko å juble for.

Verken Universitetet i Oslo, NTNU eller Universitetet i Tromsø har etter det På Høyden forstår planar om å innføre tilsvarande ordning med kvotekjøp for eigne flyreiser. Klimakvoter betyr at ein betalar for å sleppe ut klimagassar. Pengane skal i prinsippet gå til klimatiltak andre stader. 

– I den grad kvoter fungerer, er det berre ein måte å utsetje problemet på. Men vi har sleppt opp for tid og må snu, meiner Aall.

Kvoter er allereie avleggs

Generelt har nordmenn sin auke i flyreiser til utlandet vore på 1000 prosent i løpet av dei siste 20 åra, mot 100 prosent for andre transportmåtar.

– I beste fall er kvoter ein stopp på vegen mot faktisk reduksjon. Vi er forbi det punktet at vi kan kjøpe oss tid ved å satse på kvoter – som gjerne betyr at andre må gjere jobben for oss.

UiB-rektoren har sagt at kvoter er eit mellombels tiltak, og at det ikkje skal skal vere noko avlat. 

Må kutte no

Carlo Aall meiner det ikkje held å seie at reisene er nødvendige for å kunne samarbeide internasjonalt.

– Den flymobiliteten, mengda flyreiser, vi har i dag kan vi ikkje halde fram med. Det er akkurat dette som har ført oss dit vi er. El-fly som kan nyttast til store fly over lange avstandar er i beste fall noko som kjem langt fram i tid. Derfor finst det berre ein veg – å kutte i forbruket no. Det er den einaste måten å kjøpe seg tid til eventuelt å kunne nyte godt av ny teknologi i framtida, seier Aall.

Særleg dei lange reisene bør forskarar og andre tenke nøye gjennom om dei må gjennomføre, meiner han. Dei forureinar mest.

– Nettopp innan akademia burde vi ha særlege føresetnader for å finne alternativ, med streaming, skype og videokonferansar. Vi er også i ein posisjon til sjølv å utvikle og forbetre denne teknologien.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed