Slik ser det ut inne i lystgarden

Publisert:24. desember 2018Oppdatert:24. desember 2018, 08:00

Eigentleg skulle det vore sviblar i vindauga. Men elles er Lønningen lystgard som henta ut frå 1820-talet.

Skoposane må på. Etter å ha sett på juleutstillinga med krydder og juleblomar er det inga bøn: For der kjellaren av Lønningen lystgard er ny, og ikkje freda, er etasjen over det motsette. Fjøl for fjøl vart demontert på Flesland og frakta til Botanisk hage på Milde. Avinor ga huset til UiB då dei skulle utvida flyplassen.

Originalt golv

30. september var den offisielle opninga. Tre månader seinare har hovudetasjen allereie vore brukt til både doktormiddag og andre fine selskap.

– Her er alt tidsriktig. Som ein ser, er det gamle vedomnar her, og noko av golvet er originalt. Det som ikkje er originalt, er ubehandla, og plankane montert med naglar, seier Heidi Lie Andersen.

Ho er førsteamanuensis i botanikk ved Universitetsmuseet, og gler seg til å flytta inn i øvste etasje på Lønningen. Her var det ein gong soverom, for huset har mellom anna vorte brukt som barneheim. No skal det verta kontor og frøbank.

– Slik såg veggene ut, seier Andersen, og viser fram ein vegg der alt avispapiret som vart brukt som isolasjon er teke vare på.

Det som kunne brukast frå det opprinnelege huset er brukt. Nokre ting skal rett og slett få vera som dei er, mellom anna er ei av trappene temmeleg malingsliten.

Mest moderne

Øvst oppe har ein god utsikt til Arkimedes labyrint, laga av matematikkprofessor Hans Munthe Kaas. Ein ser òg utover hagen, som no er litt vinterpjusk. Til våren kan ein igjen setja seg ved borda og sjå på blomeprakta.

Inne er det amaryllis i vindauga. Det er ein detalj som ikkje er heilt historisk korrekt, for som informasjonsleiar Bjørn Moe fortalde: Det var sviblar som var først i bruk som juleblomar.

– Eigentleg er dette UiB sitt mest moderne bygg, seier Andersen.

– Det er nytt ventilasjonsanlegg, og alle leidningar er skjult i veggene.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed