Staten og Langeland blei ikkje forlikte

Publisert:6. desember 2018Oppdatert:6. desember 2018, 14:34
Meklinga mellom Nils Rune Langeland og Staten førde ikkje fram. No skal partane møtast i retten måndag. Foto: Dag Hellesund

Staten sa nei til at Langeland sjølv kunne få seie opp stillinga si. Rettsmeklingsmøte mellom Langeland og staten i slutten av november førte ikkje fram.

22.november blei det arrangert rettsmeklingsmøte i Oslo tingrett. Meklingsmøte er eit forsøk på å komme fram til en minneleg ordning, eller forlik før rettssaka mellom den avskjediga professoren Nils Rune Langeland og staten ved Kunnskapsdepartementet startar førstkommande måndag.

Rettsmeklingsmøtet tok seks og ein halv time, men partane blei ikkje forlikte. Dette skriv Khrono.

Ville seia opp sjølv

I protokollen frå rettsmeklinga framgår det at Langeland «framsatte tilbud om egenoppsigelse fra tidspunktet for avskjed, og avkall på lønn i oppsigelsestid mot at staten trekker avskjeden», men staten takka nei.

Staten og Kunnskapsdepartementet kom på si side med tilbod til Langeland om at dei kan droppe sakskostnadar dersom Langeland trekker saka. Men her takka Langeland nei.

Ifølge protokollen som Khrono har fått innsyn i, var Langeland og hans advokat Kjell M. Brygfjeld tilstades på møtet. Det same var statens prosessfullmektig, regjeringsadvokat Hilde Lund, Kunnskapsdepartementets Bente Mørck Krogdahl, samt juridisk rådgivar Gunnar Baustad og instituttleiar Odd Magne Bakke. De to sistnemnde frå Universitetet i Stavanger.

Rettsmeklar var Hanne Sofie Bjelland.

Statsråden sa nei

Det er teieplikt om kva som gjekk føre seg i meklingsmøte, men advokat Kjell M. Brygfjeld seier til Khrono at han ikkje har nokon kommentar til resultatet frå meklinga heller.

Ifølgje ei avgjerdsle frå Oslo tingrett frå 4.desember var det statsråd Iselin Nybø som i siste instans sa nei til Langelands forslag til forlik.

Same Nybø var kalla inn som vitne i saka, men slepp å møta. Dette vart avgjort av Oslo tingrett tidlegare i veka, skriv Khrono. Det var Langeland sin advokat Kjell Brygfjeld som førte ministeren på vitnelista, og grunnga dette ifølge Khrono med at det var Nybø som tok stilling til Kunnskapsdepartementet sitt vedtak om å gi Langeland avskjed. Brygfjeld meiner difor Nybø bør forklara kva vurderingar ho gjorde.

Saka startar i Oslo tingrett måndag, og det er sett av ei veke til saka. På Høyden har tidlegare skrive om årsakene til at Langeland mista jobben ved Universitetet i Stavanger: Regjeringsadvokaten meiner at Langeland sin oppførsel har vore «gjentatt og uakseptabel og uverdig», og ei belasting for både universitetsleiinga og enkelte tilsette. Etter at han mista jobben ved UiS, har Langeland søkte fleire andre vitskapelege stillingar. Han har ikkje fått nokon av dei, og meiner sjølv at dette viser at han har fått yrkesforbod.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed