UiB-leiar kan vere inhabil grunna vennskap med Rieber-eigar

Publisert:19. desember 2018Oppdatert:19. desember 2018, 06:00
Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har vore omgangsvenn med Bjart Nygaard, som har ein eigarandel i Rieber - som igjen eig Marineholmen. Dette kan gjera Bernstrøm inhabil.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm kan vere inhabil i saker som gjeld Marineholmen Forskningspark AS. Grunnen er hans nære vennskap med Rieber-eigar Bjart Nygaard.

I saka om framtidig plassering av Havforskingsinstituttet (HI) og Fiskeridirektoratet har UiB gått tungt inn for at dei statlege institusjonane må leggjast til Marineholmen, der UiB saman med Rieber Eiendom AS over fleire tiår har utvikla ei marin forskings- og næringsklynge.

– Det vil koste milliardbeløp å flytte UiBs eksisterande aktivitetar bort frå Marineholmen, og det vil òg gjera at ein kan gå glipp av mange moglegheiter for konvergens mot annan kompetanse som finst i nærområdet, har direktør for myndigheitskontakt ved UiB, Rune Indrøy, sagt til Bergens Tidende.

Indrøy har jobba aktivt som lobbyist for å få HI til å flytte til Marineholmen. På Høyden kjenner til at einskilde tilsette ved HI har undra seg over at det nære forholdet mellom UiB og Rieber.

Fekk husrom under Arendalsuka

Rieber og UiB har altså hatt felles interesser i utviklinga av området, men det er òg personlege band mellom folk i Rieber-systemet og toppleiinga ved UiB.

Forholdet mellom UiB-leiinga og eigarane av Marineholmen er så nært at fire UiB-toppar budde på landstaden til Bjart Nygaards familie under Arendalsuka. Rektor Dag Rune Olsen, universitetsdirektør Kjell Bernstrøm, assisterande universitetsdirektør Tore Tungodden og viserektor Robert Bjerknes fekk privat losji i huset på Tromøya, berre ein kort båttur frå Pollen i Arendal. På Høyden har fått innsyn i reiserekningane til alle UiB-tilsette som deltok på Arendalsuka. Her går det fram at dei fire mannlege leiarane budde på Tromøya.

– Det stemmer at vi har vore på vitjing hos Bjart Nygaard i Arendal. Vi har gjort opp for oss, og dei siste par åra har vi uansett vore innlosjert privat, fortel rektor Olsen.

Landstad i Arendal

Under Arendalsuka er det på langt nær nok hotellrom tilgjengeleg i Arendal, og mange verksemder og organisasjonar leiger husrom privat. Men det er etter det På Høyden kjenner til er det første gang ei samla toppleiing frå UiB overnattar hos Nygaard, som har vore djupt involvert i utviklinga av den marine klynga på Marineholmen. Nygaard har ikkje lenger noka formell rolle i høve til Marineholmen, men eig framleis 1,45 prosent i GC Rieber AS, som gjennom GC Rieber Eiendom AS eig 61 prosent av Marineholmen forskningspark AS.

Universitetsdirektør Kjell Bernstrøm har vore ven med tidlegare Marineholmen-direktør og Rieber-eigar Bjart Nygaard i fleire tiår, og grunna denne venskapen blei UiB-leiarane inviterte til landstaden i Arendal.

– Vi er heilt avhengige av å bu privat når vi er i Arendal, og vi har sjølvsagt betalt kostnadane våre knytta til det, fortel Bernstrøm til På Høyden.

Har meldt seg inhabil

Han og kona er omgangsvener av ekteparet Nygaard, og er mellom anna med ein gjeng som jamleg dreg på ferie til ulike vindistrikt. Denne hausten har dei hausta druer saman i Douro-dalen i Nord-Portugal.

– Eg har hatt ein relasjon til Bjart og familien tilbake til 70-talet, seier Bernstrøm til På Høyden.

Universitetsdirektøren har òg meldt seg inhabil i saker som gjeld Marineholmen, men ikkje på grunn av den personlege venskapen.

– Eg har meld meg inhabil i alle saker som gjeld Marineholmen på grunn av at eg sit i styret til Marineholmen forskningspark AS, fortel Bernstrøm.

Han svarar ikkje konkret på om han har diskutert Marineholmen med Nygaard.

– Som styremedlem i Marineholmen forskingspark har eg sjølvsagt delteke i samtalar med leiinga for forskingsparken om den marine klynga. Det er òg medverkande til at eg har meldt meg inhabil når det gjeld den interne behandlinga ved UiB, skriv Bernstrøm i ein epost.

– Eg har ikkje deltatt på interne møte på UiB knytt til den marine klynga, og heller ikkje på møte der eksterne har deltatt, seier han. 

Rieber treng ikkje HI

Han meiner dessutan at det ikkje er gitt at Rieber har sterke interesser i å få Havforskingsinstituttet til Marineholmen, ettersom dei kan fylle opp arealet med andre næringsinteresser, eventuelt bustader. 

– Det er UiB som har ønska samlokalisering med HI. Ønsket vårt har primært vore å ha ein sambruk av infrastruktur. Rieber er derimot ikkje avhengig av HI, seier Bernstrøm.

Inhabil som styremedlem

På Høyden har fått to ekspertar på offentleg rett til å vurdere habilitetsspørsmålet.

Etter forvaltningsloven § 6 er ein offentleg tenestemann mellom anna ugild dersom han er i nær slektskap, har verv eller leiande stilling i ei forvaltningssak.

– Som administrerande direktør og styremedlem i Marineholmen Forskningspark AS må Nygaard identifiserast med selskapet i denne samanhengen, noko som tyder at personar som er nært personleg knytte til han vil kunne bli inhabile etter regelen i Forvaltningsloven § 6, andre avsnitt, skriv jussprofessor Jan Fridthjof Bernt om saka.

Ettersom han sit som styremedlem i Marineholmen Forskningspark AS er det altså ikkje tvil om at han er inhabil i saker som gjeld dette selskapet, slik Bernstrøm òg sjølv har konkludert med.

Men universitetsdirektøren kan òg vere inhabil på grunn av sitt nære venskap med Nygaard. Når det gjeld dette understrekar Bernt at det må vere snakk om særs nære personlege venskap for at vilkåra i lova skal vere oppfylte.

– Eg kan ikkje seie noko sikkert om det som er opplyst her er tilstrekkeleg til å skape inhabilitet. Det at ein har løpande og nær personleg kontakt med personar ein samarbeider med i ulike samanhengar, er ikkje i seg sjølv nok til å skape inhabilitet. Men om dette òg ha karakter av privat personleg omgang, vil konklusjonen kunne bli ein annan, meiner Bernt.

Eit einskild hyttebesøk vil vanlegvis ikkje vere nok.

– Men om ein regelmessig reiser på private turar med ektefeller, vil eg meine det ser ut som eit så nært privat forhold at det kan skape inhabilitet, skriv Bernt om saka.

Førsteamanuensis Nikolai Winge ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo understrekar at spørsmålet om habilitet må avgjerast i kvar einskild sak.

– Det må vere eit særeige forhold, som er egna til å svekke tilliten til at tenestemannen er habil. Er det slik at allmenta vil reagere på det? Når media reagerer på det kan det vere ein indikasjon, men dette må vurderast i kvar einskild sak, seier Winge.

Inhabilitet smittar, men berre ved avgjerder

Om universitetsdirektøren er inhabil vil han ikkje kunne delta i prosessar for å ta ei avgjerd i ei sak på nokon som helst måte. Dette vil òg gjelde alle underordna tenestemenn. Men når det gjeld å «tilrettelegge grunnlaget for» ei avgjerd er ikkje dei underordna ugilde, og dei kan difor førebu saka.

– Om direktøren er inhabil kan saka altså greiast ut av hans underordna. Men vedtak i saka, eller innstilling med framlegg til styrevedtak, må gis av ein utanfor administrasjonen, i praksis truleg prorektor, seier Bernt.

I saka om framtidig plassering av HI er det Nærings- og fiskeridepartementet som skal ta avgjerda om kor nybygget skal liggje, og UiB skal ikkje komme til nokon endeleg konklusjon i saka.

– Ein må uansett kunne fremje sine eigne interesser i ei sak, og det er ikkje forbode å lobbe for si eiga sak. Men spørsmålet blir om det finst inhabilitet når det gjelder UiB si avgjerd om å gå for denne eigedomen, seier Nikolai Winge.

Annleis for valde

Om rektor eller andre valde leiarar er inhabile, har det berre innverknad for den som ugild: Det smittar ikkje over på underordna tenestemenn, som i tilfellet med universitetsdirektøren.

Det er heller ikkje noko som tyder på at forholdet mellom rektor Olsen eller nokre av dei andre i toppleiinga ved UiB er nært nok til at det blir råka av habilitetsreglane.

– Rieber har bygd bioblokkene for oss, som vi har kjøpt tilbake frå Rieber Eiendom. Og så er jo vi òg med på eigarsida i Marineholmen forskningspark AS, seier rektor Olsen.

Han kjenner Bjart Nygaard mest frå tida der Olsen sat i styret for Nansensenteret, og Nygaard var styreleiar.

– Men no er Nygaard pensjonist, og jobbar ikkje i eigedomsselskapet lenger. Vi har eigentleg ikkje hatt diskusjonar om Marineholmen med han i det heile tatt, seier Olsen til På Høyden.

Fordel for byen med marin klynge

Sjølv er Nygaard tvilande til at hans venskap med Bernstrøm skulle kunne føre til at nokon blei inhabile, og viser til at han berre har ein liten aksjepost i GC Rieber AS, som eig GC Rieber Eiendom AS som igjen er majoritetseigar av Marineholmen AS.

– Dei siste åra har eg ikkje hatt noko formell rolle i Marineholmen forskningspark AS, og eg har ingen innverknad på GC Rieber i dag, seier Nygaard.

Men om vi går tilbake ein god del år har Nygaards innsats vore avgjerande for Marineholmen, og utviklinga av kunnskapsklyngen der.

– Eg var sterkt involvert i at vi i det heile tatt blei aksjonærar på Marineholmen. Og då vi kjøpte opp konkursboet etter Mjellem & Karlsen etter Carl Fredrik Seim var eg òg sterkt involvert, seier Nygaard, som i ei årrekkje sat som dagleg leiar eller styreleiar for forskningsparken.

No følgjer han prosessen med flytting av Havforskingsinstituttet og Fiskeridirektoratet med interesse frå sidelinja.

– Eg er slett ikkje sikker på at det er økonomisk gunstig for Rieber å gjere dette saman med Havforskingsinstituttet, men for byen er det ein kjempefordel. Og så lenge det fører til noko positivt for Bergen, så vil eg òg vere positiv til det, seier Nygaard.

I fleire tiår har han arbeidd med eigedomsutvikling, særleg i Solheimsviken og på Marineholmen.

– Eg har arbeidd med klynger nesten heile mitt liv. Skal du få dei til må du vere tett på. Media City er eit døme på korleis ein kan få til ei vellukka klynge. Men får du noko ute på Dokken og noko på Marineholmen, så har du inga klynge, meiner Nygaard.

Betalte for opphaldet

Han nektar ikkje for venskapen med Kjell Bernstrøm, men tvilar på om det kan gjere universitetsdirektøren inhabil, ettersom Nygaard har trekt seg tilbake frå arbeidet med Marineholmen.

– Elles  kjenner eg nokre på UiB, men vi har ikkje noko nært forhold.

Og opphaldet til toppleiinga til UiB på landstaden utanfor Arendal var litt tilfeldig, ettersom det ikkje var hotellrom å få i byen.

– Dei hadde ikkje nokon stad å bu, og dei betalte godtgjering for seg. Det var ein reint praktisk avtale, seier han til På Høyden.

Får folk til å møtast

No er det Tor Instanes som er direktør i Marineholmen Forskningspark AS og GC Rieber Eigedom AS, slik Bjart Nygaard gjorde før.

– Og eg har ingen sosial omgang med leiinga på UiB. Men vi har eit sameige som styrer i lag. Og det er ulike ting som skal løysast heile tida, så vi har kontakt med universitetet jamt og trutt. Det er veldig bra at ein har eit universitet som er gode på å samarbeide med samfunnet rundt seg, enten det er helseklynge, Media City eller den marine klynga, seier Instanes.

No ventar han på ei avgjerdsle om kva tomt Nærings- og fiskeridepartementet går for. Statsbygg skulle levere si innstilling til departementet innan 1. desember.

– For Bergens del er det viktig at det blir tatt ei avgjerdsle, og at desse aktørane får nye fasilitetar raskt, og at det blir gjort slik at den kompetansen HI og Fiskeridirektoratet representerer har ei utvikling som gjer at ein legg til rette for at menneske kan snakke saman både gjennom planlagte og tilfeldige møte. At det blir meir ide- og meiningsutveksling mellom næring, forsking og forvaltning gir samfunnsnytte. Og så må vi få nye talent som skal motiverast med lange utdanningar innan det marine feltet. Dei siste åra har vi tydeleggjort at det vi gjer er å byggje bru mellom flinke folk, mellom kompetansemiljø og institusjonar. Marineholmen handlar om å leggje til rette for at folk møtest der, om det er på laboratoriet, i auditoriet eller når du hentar i barnehagen.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed