Lagar retningslinjer for klimavennleg reising

Publisert:2. januar 2019Oppdatert:2. januar 2019, 10:33
- Vi har heile tida tenkt at dette er noko vi vil ta vidare til forskarnettverket vårt og universitetsleiinga, seier koordinator ved CET, Kårstein Måseide. Foto: Njord V. Svendsen

Store klimaavtrykk kan skade truverdet til forskarane, ifølgje notat frå UiB-senter. No får rektor forslag til meir berekraftig reising på bordet.

Det er Universitetet i Bergens (UiB) eige Senter for klima- og energiomstilling (CET) som har tatt initiativet og står bak eit forslag til retningslinjer for meir klimavennlege reiser for sine eigne tilsette.

CET vart etablert i 2017 og skal fremje tverrfagleg forsking på strategiar, verkemiddel og vegval for klima- og energiomstilling i samfunnet.

No rettar senteret blikket mot sin eigen sektor.

– Utgangspunktet er at vi skal sjå på våre eigne utslepp, korleis vi gjennomfører forsking og korleis vi kan omstille oss. Men vi har heile tida tenkt at dette er noko vi vil ta vidare til forskarnettverket vårt og universitetsleiinga, seier koordinator ved CET, Kårstein Måseide.

I CETs «Low-carbon Travel Policy» er målet å redusere utsleppet av klimagassar i samsvar med UiBs mål om klimanøytralitet innan 2030. «Å styre bort frå katastrofale klimaendringar krev rask og djuptgripande reduksjon i karbonutsleppa».

I CET sine retningslinjer som no også skal drøftast med rektor ved UiB, Dag Rune Olsen, er det lagt vekt på å etablere ein kultur for meir klimavennleg reising – og alternativ til reising.

Handlingsreglar

I retningslinjene er det lagt opp til at ein skal forplikte seg til eit sett handlingsreglar: Der heiter det mellom anna at «eg vil bruke transport med lågast mogleg utslepp», og med tanke på organisering av møter, konferansar etc.: prioritere lågt karbonavtrykk for deltakarane sine reiser og redusere unødvendig reising.

På Høyden avslørte før jul at rektor ved UiB har eit klimafotavtrykk fire gonger større enn ein gjennomsnittleg nordmann. Med 27 tonn knytt til flyreisene sine toppa han lista av rektorane sine CO2-utslepp. Flyreiser utgjer den største kjelda til klimagassutslepp knytt til drifta av universitetet.

– Vi trur veldig på transparens og å jobbe fram ein kultur. På CET-senteret har vi diskutert om vi bør sette konkrete mål for klimagassutslepp og eventuelt innføre ein form for kvoter eller grense for reiser, men har komme fram til at vi ønsker å ta det trinnvis. No i startfasen har vi derfor lagt vekt på å skape medvit om klimagassutslepp som vi sjølv kan gjere noko med, knytt til eigne reiser og møter som vi arrangerer, seier Måseide.

Det er dei om lag 15 tilsette ved CET som har drøfta dette mest inngåande så langt. Men retningslinene er delt med heile forskarnettverket kopla til senteret – om lag 50 personar frå UiB, NHH og Norce.

I styringsgruppa for CET sit, i tillegg til forskarar frå UiB, representantar frå Bjerknessenteret, Norce og NHH-rektoratet. NHH, har som På Høyden har vist, ingen oversikt, statistikk eller tiltak på plass for å redusere klimagassutsleppa sine.

Konkrete mål på sikt

I arbeidet med retningslinjene har CET blitt inspirert av britiske Tyndall Centre for Climate Change Research. Tyndall har utvikla sine eigne retningslinjer for reising og system for å dokumentere eigne utslepp.

I tillegg til handlingsreglar (code of conduct) er ein eigen klimakalkulator med i pakken som CET tilbyr sine forskarar. Den skal brukast til å halde oversikt over klimagassutslepp frå eigne reiser og i tillegg utslepp knytt til møter ein organiserer og inviterer andre deltakarar til. Forskarnettverket til CET er invitert til å ta i bruk denne kalkulatoren i haust.

Der er også ei sjekkliste for «låg-karbon-møter»: I den skal ein vurdere behovet for møtet, alternativ, lokalitet, tal på deltakarar og korleis ein kan optimalisere tid og stad med tanke lågast mogleg klimaavtrykk. I gjennomføringa av møtet skal mellom anna utslepp knytt til alle reiser bli registrert, og det skal leggast vekt på vegetarmat og mest mogleg klimavennlege løysingar knytt til eventuelle servering.

Ikkje unntak for forskarar

«Dersom vi skal ta universitetssektorens bidrag til klimaomstilling seriøst, ser vi ingen klare grunnar til at forskarane skal vere unnateke mål om utsleppsreduksjon som er innført andre stader», heiter det i notatet der reiseretningslinjene er presentert.

­– I første omgang er retningslinjene retta mot det vi kan kontrollere. På sikt vil vi diskutere å setje konkrete mål, seier Kårstein Måseide hos CET.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed