No kan det endeleg koma ammerom

Publisert:11. januar 2019Oppdatert:11. januar 2019, 07:30
Anna Blekastad Watson skreiv eit brev i fjor vår, der ho tok opp spørsmålet om eigne ammerom. Watson var då stipendiat, og delte kontor med to andre.

9 månadar etter at spørsmålet vart reist, nærmar det seg eigne ammerom på UiB.

I påska i fjor var vesle Sofia Seica-Watson på besøk på mor sin jobb. Det var ikkje noko uvanleg i det, Sofia var åtte månader gamal, mor Anna Blekastad Watson nyleg attende i stillinga som stipendiat, og eit måltid morsmjølk var framleis naudsynt på dagtid. Det uvanlege ved dette påskebesøket var at På Høyden var med, for å visa at det ikkje fanst noko eigna ammerom knytt til Det humanistiske fakultetet.

– UiB er ein gigantisk arbeidsplass, med mange tilsette frå ulike kulturar. Det er ikkje slik at alle synest det er like naturleg å amma offentleg. Som feminist meiner eg òg at ein treng ein stad der kvinner kan gi mat til barna sine i fred. Amming er viktig, sa Watson.

Ikkje ledige lokale

Det fanst ikkje eit einaste ammerom på UiB, viste det seg. NTNU har derimot 17. Og no, ni månader seinare, finst det framleis ikkje ammerom ved landets nest eldste universitet. Men noko er på gang.

– Målet er nokre synfaringar denne veka, seier Susanne Ostendorf.

Ho er underdirektør ved Det humanistiske fakultetet.

– Me trudde me hadde funne eit eigna rom i første etasje i HF-bygget, men det viser seg etter synfaring at det ikkje vil fungera. Så no har me sett himmel og jord i rørsle, og har to aktuelle rom på Sydneshaugen skole. Der må det i så fall ei lita ombygging til, men det skal ikkje ta så lang tid, forsikrar Ostendorf.

– Men kvifor har det tatt så lang tid å finna eit ammerom?

– Me har rett og slett slite med å finna eigna lokale, arealsituasjonen er så pressa.

Ostendorf seier at eit ammerom helst må vera tilgjengeleg på same måte som eit rom som er tilpassa rullestol. Det betyr at det skal vera mogleg å koma inn med barnevogn. Rommet må elles ha vasstilkopling og helst plass til å kunne skifta bleier.

– I prinsippet kan ein amma kor som helst. Treng ein eigne ammerom?

– Det kan ein sjølvsagt spørja om. Men for mange er det viktig å kunne sitja avslappa og ha ro rundt seg når dei skal amma. Andre vil ha behov for å pumpa seg i løpet av arbeidsdagen, og det er ikkje noko ein ønskjer å gjera offentleg, seier Ostendorf.

– Når behovet for ammerom først har meldt seg, er fakultetet oppteke av å finna ei varig plassering, legg ho til.

Eit ammerom vil vera tilgjengeleg både for studentar og tilsette.

Ei likestillingsutfordring

Likestillingskomiteen har òg teke opp saka etter at På Høyden først skreiv om manglande ammerom. Komiteen kallar mangelen på eigna lokale for amming ei likestillingsutfordring, og skreiv i eit brev til universitetsleiinga i desember i fjor at «mangel på ammerom gjør det for det første vanskeligere for kvinnelige ansatte å velge en foreldrepermisjonsordning som innebærer at de fortsatt ammer/pumper når de skal tilbake i jobb. For noen kan denne typen praktiske hindringer medføre at de opplever å måtte velge mellom å jobbe og å amme. For det andre er det å måtte bruke tid på å lete etter et egnet sted for å amme/pumpe morsmelk sløsing med kvinnelige ansattes arbeidstid».

– Brevet er ei oppmoding om å ha tilgjengelege ammerom. I tillegg til å amma er det nokre som vil ha behov for å kunne lagra morsmjølk ein eigna stad, og ein må kunne vaska og sterilisera brystpumper, seier seniorrådgivar Anne Marit Skarsbø til På Høyden.

I brevet skriv likestillingskomiteen at basert på kvinneleg tilsette i fertil alder, vil det til ei kvar tid vera om lag 75 gravide ved UiB. Ikkje alle desse har kontor som er eigna for amming.

– Når UiB i aukande grad nyttar opne kontorlandskap og lokale utforma i gjennomsiktige materiale, som til dømes glasveggar, vil behovet for «private» rom til amming auka, skriv komiteen.

Tek tak i saka

Eigedomsavdelinga svarar at dei saman med aktuelle fakultet vil ta tak i saka og finna eigna fasilitetar òg for dei fakulteta som mangla rammerom.

– Me har pussa opp eit ammerom i realfagbygget. Me har òg kontakta alle dei andre fakulteta og ba om ei tilbakemelding på moglegheitene for ammerom. Men tilbakemledinga har vore noko laber. Problemet er at det er vanskeleg å finna ledige rom, så miljøa må koma med forslag til omdisponering, seier eigedomsdirektør Even Berge til På Høyden.

Han seier at prosessen med å få på plass ammerom ved Det humanistiske fakultetet har teke for lang tid, men at det no ser ut til å koma på plass.

– Legg ein ammerom inn nybygg og ombygde bygg?

– I Alrek helseklynge er det lagt inn kvilerom. Dei kan òg brukast til amming. I Nygårdsgaten 5 skal de jobba 400 menneske, så der er det sjølvsagt at det må inn rom som kan brukast som ammerom. Men her er ikkje romprogrammet lagt endå, seier Berge.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed