Staten vil redde miljøet, men let ikkje tilsette bestille tog

Publisert:10. januar 2019Oppdatert:11. januar 2019, 10:51
Det er eit stykke fram før det blir mogleg å bestille togbillettar gjennom reisebyråa staten brukar. Foto: Colorbox/Alexander Nikiforov

Universitet og høgskular lovar å bli klimanøytrale og ber deg reise miljøvennleg. Men tog kan ikkje bestillast i reiseportalane til 166 000 statstilsette.

«Miljøhensyn søkes ivaretatt» når du skal ut og reise, heiter det no på nettsidene for tilsette ved Universitetet i Bergen (UiB), oppdatert to dagar etter På Høydens avsløring av rektor Dag Rune Olsen som klimaversting blant rektorane i Noreg. Samstundes er tilsette pålagt å bestille reisene sine gjennom G Travel, statens nye reiseoperatør. Der kan du bestille fly og bil.

Men det i særklasse mest miljø- og klimavennlege alternativet – tog – står ikkje på tilbodslista.

Staten utan statsbaner

G Travel tok i fjor over som ein av statens nye leverandørar av reiselivstenester. Frå og med 1. januar i år får selskapet hand om opptil 45 prosent av reisene i staten i det som er tidenes største reisebyråkontrakt i Noreg med ein verdi av 1,3 milliardar kroner i året. Resten tar selskapet Egencia seg av. Saman skal dei to reiseselskapa levere reisert til 166 000 statstilsette. 

Forskarar er blant dei som reiser mest i jobben, og flyreiser er den største kjelda til CO2-utsleppa institusjonane etterlet seg. Talet på flyreiser har vore og er framleis stigande. Generelt har talet på flyreiser auka formidabelt, og auken i talet på utanlandsreiser har vore på 1000 prosent dei siste 20 åra.

Blant dei mange titals institusjonane som no skal bruke G Travel er fleire universitet og høgskular, som Universitetet i Bergen, NTNU, Norges miljø- og biovitenskapelige universitetet, Universitetet i Agder, NHH og Havforskingsinstituttet. I tillegg kjem departement, direktorat, fylkesmenn og mange andre institusjonar.

Ein av dei som reagerer på det paradoksale gapet mellom teori og praksis i universitetets retningslinjer for tenestereiser er Elisabeth Lysebo, fakultetsdirektør på Det matematisk-naturvitskapelege fakultetet ved UiB.

- Overraskande

– Eg blei svært overraska over at NSB ikkje låg inne i portalen og at det ikkje kan bestillast togbillett online. Fleire kolleager har også reagert på dette og det er blitt meldt frå om, seier Lysebo.

Ein gjennomgang På Høyden har gjort blant fakultetsdirektørar og dekanar ved UiB viser at Lysebo er ein av berre to som faktisk har jobbreist med tog i løpet av 2018.

– Eg vel bevisst tog, av omsyn til klima- og miljø, når det er nokolunde praktisk, seier ho.

HR-avdelinga ved UiB, som forvaltar retningslinjene for reising har følgjande beskjed til dei tilsette på eigne nettsider:  «Vurder om reisen er nødvendig eller om den kan erstattes av telefonmøter, videokonferanse eller lignende». Vidare blir ein beden om å vurdere miljøvennlege alternativ som samkøyring og å ta buss.

Heller ikkje buss kan bestillast gjennom G Travels portal eller app.

HR-direktør Sonja Dyrkorn seier ho visste at tog ikkje var eit alternativ i den nye reisebestillinga, men gir uttrykk for å ha gløymt det igjen. Ho viser til at universitetet er i gang med å utarbeide ein ny reisepolicy som skal ta meir omsyn til klima og miljø.

– Vi må få tenester som gjer at vi kan velje miljøvennlege alternativ, seier ho.

DIFI: Stilte ikkje krav om tog

Nettopp G Travels bestillingsløysing online skal ha vore ei viktig vurdering då DIFI/Statens innkjøpssenter valde denne leverandøren. Innkjøparane har i anbodsrunden stilt krav om at ein via portalen skal kunne bestille fly, hotell og leigebil, viser dokumenta – men altså ikkje skinnegåande alternativ – eller buss.  

Frå DIFI har På Høyden fått denne forklaringa på e-post:

Vi er opptatt av å ta hensyn til miljø og klima i alle våre avtaler. Da denne avtalen ble utlyst kunne vi dessverre ikke stille adgang til togbestilling som et absolutt krav til leverandørene, rett og slett fordi bare èn leverandør kunne tilby det. Tilgang til togbestilling ga likevel pluss i evalueringen til leverandøren som kunne tilby det, selv om dette ikke ga nok utslag til å vinne konkurransen. Miljø- og klimahensyn ble også ivaretatt på andre måter, blant annet gjennom krav om miljøregnskap, som særlig handler om CO2-utslipp.

G Travel: NSB er hinderet

Ifølgje G Travel er det ikkje dei som er hinderet – men NSB, som ikkje har ønskt å legge togbillettane sine inn i det globale distribusjonssystemet Amadeus. NSB seier det heller ikkje dei som er problemet, fordi Stortinget har oppretta det statlege selskapet Entur AS, som no har ansvaret for å finne meir saumlause bestillingssystem for tog. Entur AS sparkar frå sin kant ballen tilbake til NSB.

Ifølgje teknologidirektør i Entur As, Endre Sundsdal, må NSB avtale med byrå og agent og gjere billettane sine tilgjengelege. Deretter kan Entur bidra med tekniske løysingar som kan sy bestillingssystem inn i portalane - slik at statstilsette enkelt og raskt kan bestille tog.

Det andre reiseselskapet som skal dele på kundane i staten framover, Egencia, har tog som eigen fane i portalen og appen sin, på lik linje med fly. Det er derimot noko meir komplisert å bestille – igjen fordi NSBs billettsystem ikkje er gjort tilgjengeleg og integrert i systemet.

I realiteten er det derfor ikkje særskilt mykje lettare å bestille tog for dei statstilsette som skal bruke Egencia enn for dei som nyttar G Travel.

Etter at På Høyden tok kontakt, har G Travel lagt ei lenke til NSBs nettsider inn i sin bestillingsportal.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed