Stengjer lesetilgangen for nye artiklar

Publisert:1. januar 2019Oppdatert:1. januar 2019, 18:37
Steinar Vagstad er kritisk til tilnærminga rektorane har til tilgangen til vitskaplege tidsskrift. Foto: Ingvill Festervoll Melien

Universitets- og høgskolesektoren sine forhandlingar med tidsskriftforlag fører til at landets forskarar mister lesetilgang til nye artiklar i meir enn 2500 tidsskrift allereie 1. januar. — Strategi for ei «akademisk mørketid», meiner Steinar Vagstad.

— Publiseringsforbod for forskarar er alvorleg nok, men leseforbod er faktisk langt meir alvorleg, seier Steinar Vagstad ved Universitetet i Bergen. Han meiner at dei fire rektorane ved landets eldste forskingsuniversitet, samt leiar i Universitets- og høgskolerådet, Mari Sundli Tveit, stiller seg i spissen for ein forhandlingsstrategi som vil gi ei «akademisk mørketid», kan hende i lang tid framover, skriv Khrono.

Allereie om få dagar, frå 1.januar, kan «mørketida» sette inn. Dei norske forhandlarane har ikkje blitt samde med dei fire store forlaga dei har forhandla med i 2018, og lesetilgongen til vitskapelege tidsskrift frå forlaget Elseviers over 2500 tidsskrift vil forsvinne ved årsskifte, sjølv om det blir forhandlingar på overtid i januar.

Publiseringsforbod for forskarar er alvorleg nok, men leseforbod er faktisk langt meir alvorleg,

Kven har spurt forskarane?

Økonomiprofessor Steinar Vagstad er også hovudtillitsvald ved UiB og medlem i Forskarforbundets hovedstyre. Han understrekar at han ikkje uttalar seg på vegner av styret i denne saka.

Vagstad etterlysar ei konsekvensutgreiing om forhandlingsstrategien og undrar kvifor ikkje nokon har spurt landets forskarar om kva dei vil.

Han reagerar på eit innlegg frå fem rektorar, publisert i Khrono rett før jul.

I innlegget gjer rektorane, Dag Rune Olsen (Universitetet i Bergen), Gunnar Bovim (NTNU), Svein Stølen (Universitetet i Oslo), Anne Husebekk (UiT) og NMBU-rektor og leiar av paraplyorganisasjonen Universitets- og høgskolerådet (UHR), Mari Sundli Tveit, det klart at dei støttar ein strategi som vil sette hardt mot hardt mot forlag som ikkje vil droppe betalingsmur og høge abonnementsprisar for forskingsartiklar.

Får konsekvensar for forskarane

Dei skriv også i innlegget at denne strategien vil kunne få konsekvensar for forskarar og tilsette ved landets universitet og høgskolar.

«Som rektorer ved Norges største forskningsuniversiteter er vårt mål først og fremst å sikre et godt og bærekraftig system for å publisere forskning. Samtidig følger vi gjennom forlagsforhandlingene opp den norske politikken for åpen tilgang. Skal vi lykkes med å nå målene som er nedfelt i våre universiteters strategier, er vi avhengig av at forlagene endrer sine modeller slik at åpen tilgang kan nås innenfor en bærekraftig økonomi».

Vidare skriv dei fem at forhandlingsstrategien er forankra i Universitets- og høgskolerådet (UHR) og at forlagsforhandlingane ikkje vil legge føringar på kvar forskarane kan publisere, men at det blir stilt spesifikke krav til forlaga, og det er ikkje gitt at desse krava blir innfridde .

«…de pågående forlagsforhandlingene kan dermed få konsekvenser for forskere ved norske universiteter og høgskoler.Skulle vi ikke komme til enighet med et av forlagene, så vil dette kunne medføre at vi mister tilgangen til dette forlagets tidsskrifter» skriv rektorane.

Blei ikkje samde i fjor heller

Innlegget blei publisert 18.desember og berre to dagar seinare, 20.desember, blei det klart at eit av dei største forlaga, Elsevier, som har over 2500 vitskapelege tidsskrift, vil stenge lesetilgangen for tilsette ved norske universitet og høgskolar allereie frå 1. januar 2019.

På vegner av kunnskapssektoren har Unit forhandla med dei fire største forlaga Elsevier, SpringerNature, Taylor & Francis og Wiley. Avtalane om abonnementspris og tilgang med desse fire forlaga går ut 31.12.18. Dei forhandla med dei same i 2017 utan å bli samde og forlenga dermed avtalane i eitt år.

Dei fleste av dagens vitskapelege tidsskrift ligg bak betalingsmur hjå forlaga og universitet og høgskolar reagerar på at abonnementsprisen for tidsskrifta blir høgare og høgare. Norske institusjonar betalar nærmare 350 millionar kroner i året for abonnement og lesetilgong.

Forhandlingane vil halde fram på overtid i januar, men Elsevier har varsla at dei vil stenge tilgangen til sine tidsskrift frå 1. januar, fordi dei norske forhandlarane seier nei til å betale ekstrakostnadane som Elsevier meiner dei vil ha med ei forlenga avtale medan forhandlingane held fram. Dei tre andre har forlenga lesetilgangen fram til 31. januar 2019.

Kritiserar prosessen

Professor Vagstad er heller ikkje nøgd med prosessen rundt forlagsforhandlingane.

— Etter store protestar har no forskarane blitt tatt med på råd når det gjeld Plan S, og eg trudde det var ein slags konsensus om at forskarane skal bli høyrt og konsekvensar av Plan S skal utgreiast før ein går vidare med implementering. I denne saka går Unit i forhandlingar med krav som til forveksling liknar på Plan S, utan at nokon har funne det verdt å undersøkje kva forskarane meiner om saka, og utan den konsekvensvurderinga som har blitt etterlyst når det gjeld Plan S, seier Vagstad.

Han håper at rektorane sitt innlegg berre er eit forhandlingsutspel.

— Eg håper dei gir seg på kravet om Open Access, for der trur eg ikkje forlaga vil bli med på noko som helst, seier Vagstad til Khrono. Han meiner at dersom hovudkravet hadde vore lågare abonnementspris, så kunne forhandlarane kan hende fått med seg forskarane på ein «lesestreik» ein periode, men ikkje med slike krav som dei kjem med no.

I00 mill ved UiB

 

— Men er ikkje «alle »samde om prinsippet om open tilgang til forskingsartiklar?

— Eg er ikkje sikker på dette prinsippet lenger, no når det blir klarare kva som blir med på lasset. Er det no så god ide at alt skal bli ope tilgjengeleg? Dei fleste vil vere for prinsippet om «fred i verda» også, men ikkje for einkvar pris, seier Vagstad.

Han viser til eit reknestykke frå sin professorkollega Kjell Erik Lommerud ved UiB som seier at dersom ein ser på dei 500 000 Elsevier-artiklane som blir lasta ned berre ved UiB i løpet av eit år, multipliserar det med 20 minutt som eit anslag for kor mykje tid det vil kreve å få tak i ein slik artikkel ad bakvegar, så vil manglande tilgang koste 100 årsverk - eller 100 millionar kroner i året - berre ved Universitetet i Bergen.

Lommerud viser også i same tråd på facebook til at Elsevier-pakka, som er mykje brukt på UiB kostar 18 millionar kroner i året i eit budsjett som er nær fire milliardar. I tidlegare reknestykke i innlegg i Khrono har Lommerud peika på at 350 millionar kroner som landets universitet og høgskolar brukar samla på tidsskrift «berre» er 1 prosent av totalbudsjettet i sektoren.

Lita interesse

Vagstad trur heller ikkje at ålmenta er særleg interessert i forskingsartiklar, og meiner at veldig mange - også forskarar - ikkje kan lese forskingsartiklar.

— Det er mange smale og spesialiserte og sære forskingsartiklar som ikkje treng å vere opne, seier han og legg til:

— Det viktige er at forskingsartiklane er opne for forskarane, og det er dei jo stort sett, sidan institusjonane dei jobbar ved abonnerer.

Hopland er kritisk

Også førsteamanuensis Arnt Hopland ved NHH er kritisk til forhandlingsstrategien når det gjeld forlaga. I kommentarfeltet under rektorane sitt innlegg i Khrono skriv han:

— Hadde krava frå sektoren vore «lågare abonnementsprisar» ville eg støtta Unit her, men eg synest ikkje krav om full Open Access er ein god idè. Vi har brukarbetaling for ganske mykje som er offentleg finansiert, så kvifor akkurat forsking skal vere heilt gratis er det vanskeleg å skjønne. Håpar dei som sit og skal forhandle ikkje er blant dei sterkaste OA-ideologane, då kan den akademiske vinteren verte lang og mørk.

Rektor Olsen: Forhandlingsgrunnlag

Rektor Dag Rune Olsen ved Universitetet i Bergen er ein av dei fire rektorane i BOTT-samarbeidet (universiteta i Bergen, Oslo, Trondheim og Tromsø) som sidan i haust har vore involverte i forhandlingane for å ta ei avgjersle på anbefalingane frå forhandlingsutvalet i Unit. Han avviser kritikken frå Vagstad og Hopland.

— Det er slik at når vi er i forhandlingar, så er det viktig å bygge eit så godt forhandlingsgrunnlag som mogleg. Det ville vere ein merkeleg forhandlingsstrategi om vi skulle legge oss flate og berre godta alt forlaga kjem med, seier Olsen til Khrono.

Han viser til at forlaga følger med på den norske debatten, mellom anna i Khrono.

— Vi veit at forlaga har lese mykje om dei norske akademikarane si frykt for å miste tilgang til tidsskrift, og i den situasjonen er det maktpåliggande for oss å understreke at, ja, vi er for ope tilgang og presisere at vi står fast på dette. Samstundes er det viktig å hugse at vi er i ein forhandlingssituasjon, seier Olsen.

— Meiner du at kritikarane svartmålar situasjonen?

— Viss vi skulle bli utan tilgang, så er det utan tvil ei ulempe, men vi ser samstundes at andre nasjonar har fått det til, seier han.

Både Tyskland og Sverige har brote med Elsevier.

Møte i januar

— Kva blir konsekvensane viss Elsevier kuttar lesetilgangen frå 1. januar?

— Det ligg jo i dagens avtale at tilgangen opphøyrer frå den datoen, men vi trur med utgangspunkt i forhandlingane med dei andre forlaga at så lenge det er forhandlingar så vil vi ha tilgang. Det legg vi til grunn, seier han.

Han fortel at dei eldste universiteta UiB, UiO, NTNU og UiT på eit møte 20. desember blei samde om å be om eit forhandlingsmøte med Elsevier på nyåret.

— Vi har fått eit tilbod frå Elsevier, men vi har ikkje hatt noko møte med forlaget enno. I den situasjonen vil det vere lite lurt å kaste alle forhandlingskorta på førehand, seier Dag Rune Olsen.

Gamle abonnement gjeld framleis

Nina Karlstrøm som er med i dei sentrale forhandlingane for Unit, seier til Khrono at slik det ligg an no (28. desember red.mrk), så vil lesetilgangen til nye artiklar i Elsevier-tidsskrift bli stengt frå 1. januar 2019.

— Men det er viktig å merke seg at det berre er dei som blir lagt ut i 2019 som blir stengde. Dei gamle abonnementsordningane vil framleis gjelde, seier ho, men understrekar at desse er svært ulike alt ettersom kva slags avtalar dei enkelte institusjonane hadde tidlegare, før avtala med Unit ( «core subscriptions») .

Dei biblioteka som abonnerar på Elseviers Freedom Collection vil finne oversikt over sine historiske abonnement i Units administrasjonssystem for bibliotekkonsortier, Edvarda.

Unit har også oppretta ei eiga side, openaccess.no, der alle kan følgje dei siste oppdateringane frå forhandlingane. Her kan ein også lese korleis andre land har forhandla, eventuelt brote forhandlingane, med Elsevier og dei andre forlaga.

Karlstrøm ønsker ikkje å seie noko om moglegheitene for ei avtale.

— Vi har alltid som mål at vi skal få til ei avtale, seier ho og legg til:

— Vi bad om tilbod frå Elsevier allereie i april i år, men fekk ikkje oversendt noko før i november, og det er kompliserte dokument å gå gjennom, seier ho.

— I forhandlingane: Legg de vekt på Plan S som seier full Open Access frå 2020 eller dei norske retningslinene som seier full Open Access frå 2024?

— Plan S styrker forhandlingsposisjonen vår no, det merker vi. Så kan det vere vi må gå for ei overgangsordning, seier Karlstrøm.

— Så ei overgangsordning fram til 2024 kan vere aktuelt?

— Nei så lange avtalar kan vi nok ikkje inngå no som det skjer så mykje i denne marknaden, seier ho.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed