UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - torsdag 20. juni 2013
29.3.2012
Maktfordeling og 1814

 


Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
Boktittel: Maktfordeling og 1814
Forfatter: Eirik Holmøyvik
Forlag: Fagbokforlaget
ISBN: 978-82-450-1276-7

Maktfordelingsprinsippet er eit av dei grunnleggjande prinsippa i statsretten. Det seier at den lovgjevande, den utøvande og den dømmande makta må haldast åtskilde og plasserast hos ulike personar og organ. Føremålet med ei slik deling av statsmakta er å hindre maktmisbruk og sikre eit styre etter lover.

I boka gjer forfattaren greie for opphavet til maktfordelingsprinsippet og viser korleis det vart eit sentralt prinsipp i statsretten og i grunnlovene frå slutten av 1700-talet. Forfattaren viser òg korleis element i maktfordelingsprinsippet vart lagt til grunn i statsretten under det dansk-norske eineveldet før 1814. Hovuddelen i boka er ein omfattande historisk og komparativ kjeldestudie der forfattaren viser kvifor, korleis og med kva verknad maktfordelingsprinsippet kom inn i den norske grunnlova i 1814. Grunnlovsforfattarane på Eidsvoll bygde her på ei rekkje ulike utanlandske kjelder. I boka viser forfattaren korleis maktfordelinga i grunnlova like fullt vart ein særnorsk konstruksjon ulik andre grunnlover i samtida.

Maktfordeling er djupast sett også eit spørsmål om suverenitet. Suverenitetsperspektivet er viktig for å forstå gjennomføringa av maktfordelingsprinsippet i grunnlover før og etter 1814. Eit viktig føremål med boka er å vise korleis grunnlovsforfattarane i 1814 innretta maktfordelinga i favør av Stortinget ut ifrå dåtidas ideal om folkesuverenitet, og ikkje som ei institusjonell likevekt mellom Kongen og Stortinget. Slik vart maktfordelinga i 1814 ein rettsleg kime til dei store forfatningskampane mellom Kongen og Stortinget seinare på 1800-talet.

Boka rettar seg mot juristar, historikarar, samfunnsvitarar og andre med interesse for statsrett, rettshistorie og historia om 1814.

Eirik Holmøyvik er ph.d. i rettsvitskap og fyrsteamanuensis ved Det juridiske fakultet ved Universitetet i Bergen.

 



SISTE 20 NYHETER

• Leiar bak lukka dører (19.6.2013)
• Helland valgt til dekan (19.6.2013)
• Hvorfor kildesorterer vi ved UiB? (19.6.2013)
• – Det gikk ingen alarmklokker (19.6.2013)
• Bergen blir senter for europeiske data (19.6.2013)
• Dette er dekan-finalistane (18.6.2013)
• UiO får ny sentraladministrasjon (18.6.2013)
• Ikke flere praktbygg til UiB (18.6.2013)
• Bogsnes ny i styret (17.6.2013)
• Bygde leilegheit utan utgang (17.6.2013)
• – Ein butikk i ein marknad (14.6.2013)
• Københavns Universitet godtar ikkje at Penkowa-saka er forelda (14.6.2013)
• Homoarkiv havner på UB (13.6.2013)
• Deler ikkje LLE (12.6.2013)
• Der kvinner er halvparten så mykje verd som menn (12.6.2013)
• – Nå får jeg mer tid til forskning (12.6.2013)
• «Vi vil ikke trelle og lide» (11.6.2013)
• Boss, effektivitet og universitetsstyring (11.6.2013)
• Fra fruentimmere til kvinner (11.6.2013)
• – En falitterklæring hvis vi ikke kommer i gang (10.6.2013)

Arkiv