UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - lørdag 21. november 2009
23.5.2006
Ibsens høge hår

 

(Over) Henrik Ibsen før han vart veldig kjend. Merk at håret er greidd bakover. (Under) Ibsen etter Brand med høgare hår og karakteristisk skjegg.


Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken

Relevante lenker

Utstilling om Henrik Ibsen

Då Henrik Ibsen i 1866 vart verdsberømt etter at Brand kom ut, endra han både hårfrisyre og handskrift.

Av Hilde K. Kvalvaag

Den då 38 år Ibsen vart mykje meir medviten om kva kunstnarimage han hadde etter at han verkeleg slo gjennom med Brand. På den kortvaksne dramatikaren (1,61 høg) skulle håret med eitt stå opp, i staden for å vere stroke bakover. Skjegget vart endra frå fullskjegg til det karakteristiske vi kjenner frå bilete av Ibsen på hans eldre dagar. Der har han ikkje lenger skjegg på haka, berre på sidene. Henrik Ibsen endra også handskrift, der den før Brand gjekk frå liggande mot høgre, endra han no til ei meir ståande, høgreist skrift.

Dette kjem fram i ei utstilling om Ibsen som merkevarebyggar som opna på Universitetsbiblioteket på HF mandag 22. mai. Ein av dei som står bak utstillinga med tittelen "Fragment av Henrik Ibsen", er førstebibliotekar Jan Olav Gatland. Han trur ikkje det er så mange andre som har sett på korleis diktaren bygde opp kunstnarimaget sitt.

– Henrik Ibsen er så gjennomanalysert og gjennomstudert, men vi fann ut at den visuelle Ibsen har det vore lite fokus på. Vi har difor sett på korleis  han dreiv med branding av sin eigen diktaridentitet - også kalla merkevarebygging.  For medan Ibsen før han vart verdskjend var seg sjølv, ville han no vere ”den berømte Ibsen”, seier Gatland. Han trekkjer mellom anna fram at Ibsen fekk laga sitt eige monogram. Gatland er overraska over at dette ikkje blir brukt no i jubileumsåret for Ibsens død, til dømes på Henrik Ibsens Skrifter der dei istaden har laga eit nytt og meir kjedeleg monogram, hevdar han.

– Difor er vi veldig glade for å vise dette fram  på vår utstilling på nett, avsluttar Gatland, som har laga utstillinga saman med Pedro Vásquez ved Spesialsamlingane ved UB. I dag er det for øvrig hundre år sidan Henrik Ibsen døydde.

 



SISTE 20 NYHETER

• Nye EU-millionar til UiB (20.11.2009)
• Fakta på fredag (20.11.2009)
• Varsler endringer for Holbergprisen (19.11.2009)
• – Pressestøtta må endrast (19.11.2009)
• Mindre feiring av stor pris (19.11.2009)
• Folsyre kan øke kreftrisikoen (18.11.2009)
• Brev til Theo (16.11.2009)
• God balanse blant dagens dykkere (16.11.2009)
• UiB slo Oxford i programmering (13.11.2009)
• Millioner til master i sør (13.11.2009)
• Fakta på fredag (13.11.2009)
• EU-millioner til UiB-forskere (12.11.2009)
• Trygdeforskningen sikret (12.11.2009)
• Minneord (11.11.2009)
• – Parkinsonpasienter bør bo hjemme (11.11.2009)
• En havets mann (9.11.2009)
• Ett skritt nærmere drømmen (9.11.2009)
• Vil ha grenser for livedekning av rettssaker (9.11.2009)
• UiB mottar millioner til kreftforskning (6.11.2009)
• Fordøyelse er en fornøyelse (6.11.2009)

Arkiv