Det nye namnet på Unifob As vert Uni Research. Samstundes får forskingsselskapet ein ny visjon og ny visuell profil.
Den nye retninga vart presentert internt for dei tilsette ved Unifob fredag, og er resultatet av ein lengre prosess i selskapet. Etter ei bestilling frå styret i Unifob har ein, saman med designbyrået Snedig, utført intervju, spørjeundersøkjingar og idéverkstadar.
Dette er eit viktig ledd i den omstillingsprosessen Unifob er i gang med. Identitetsstrategien me har gjennomført no er det første steget i ein prosess der me skal finna ut kva me skal verta, seier Arne Sivert Svindland, administrerande direktør i Unifob til På Høyden

Slik vert truleg den nye logoen sjåande ut. Illustrasjon: Unifob/designbyrået Snedig.

Adm. dir Arne S. Svindland sa at det nye namnet og designet vil bestå, men at avdelingsnamna og andre problemstillingar vil gå seg til etterkvart. Foto: Kim E. Andreassen.
Det nye namnet, Uni Research, "(...) gir gode og relevante assosiasjoner som universell, universitet, unik og union" heiter det i brosjyra dei tilsette fekk utdelt ved lanseringa fredag. Namnet skal ikkje takast i bruk før i haust, då ein offisiell lansering vil finna stad.
Avdelingsnavna skal vera Uni + avdelinga sitt eige namn. Avdelingsnavna skal vurderast i eit prosjekt som startar i sommar, der ein skal samarbeida med avdelingane for å koma fram til ein heilskapleg namnestruktur i organisasjonen, heiter det i brosjyra.