Forskningsrådet deler ut 200 millionar kroner til 28 prosjekt innan forsking på olje og gass. I eit styremøte i PETROMAKS i førre veke vart det løyva 50 millionar for 2010, med 203 millionar i prosjektas levetid, i følgje Forskninsgrådet sine nettsider.
Uni CIPR (Centre for Integrated Petroleum Research) har fått støtte til to prosjekt. Senteret forskar mellom anna på korleis ein skal auka oljeutvinninga, og er det einaste senteret for framifrå forsking innan petroleumsforsking i Noreg.
Stor styrke
Kristine Spildo er prosjektleiar for eitt av prosjekta, Nanotechnology EOR - LPS flood for North Sea reservoirs. Det er eit såkalla kompetanseprosjekt med brukarmedverking, noko som inneber at 20 prosent av prosjektkostnadane skal koma frå næringslivet eller andre aktørar. Statoil har meldt si interesse for prosjektet, ifølgje Spildo.
Ho seier støtta frå Forskningsrådet tyder mykje for dei to treårige prosjekta.
For det første er det ei anerkjenning av at me driv med noko som er spanande og viktig for Noreg. Vidare utfyller dei to prosjekta kvarandre. Det eine er eit prosjekt med brukarmedverking, medan det andre ser på same problemstilling meir frå grunnforskningssida. Det er ei stor styrke for oss, seier prosjektleiaren.
Aukar oljeutvinninga
Det er søkt om totalt 8,8 millionar over ein treårsperiode for dei to prosjekta, 7,9 millionar av dei frå Forskningsrådet.
Prosjekta tar sikte på å auka oljeutvinninga. Restoljemetninga kan reduserast ved hjelp av nanoteknologi og såkalla linked polymer solutions.
I tidlegare forsøk har me klart å redusera restoljemetninga med opptil 60 prosent, noko som er særs bra, seier Spildo.
I følgje ei pressemelding frå Forskningsrådet vert 54 prosent av olja liggande igjen i felta på norsk sokkel i dag. Ei auka utvinningsgrad på ein prosent vil kunna gje milliardinntekter.
100 søknadar
I tillegg til dei to prosjekta ved CIPR har Christian Michelsen Research fått innvilga søknaden til prosjektet Geoillustrator - Sketch-based illustrative earth models visualization. Institutt for fysikk og teknologi får støtte til prosjektet Integrated EOR in Fractured and Heterogeneous Reservoirs.
I alt vart det sendt inn 100 søknadar til det såkalla PETROMAKS-programmet.
Me er godt nøgde med talet på søknader og dei mange innovative prosjekta. Dette viser at forskningsmiljøa tar dei nye utfordringane som norsk petroleumsverksemd står ovanfor på alvor, seier Fridtjof Unander, avdelingsdirektør for energi og petroleum i Forskningsrådet i ei pressemelding.