Med millionstøtte frå GC Rieber Fondene kan musikkterapeutane ved GAMUT no styrke samarbeidet med fagmiljø i utlandet.
Av Åse Johanne Roti Dahl
GC Rieber Fondene har lenge hatt musikkterapi som eitt av sine satsingsområder. Fondet har fleire gonger løyva støtte til Griegakademiets senter for musikkterapiforsking (GAMUT). No sikrar ei ny løyving på over ein million kroner internasjonalisering av aktiviteten ved senteret.
Synlege ute i verda Musikkterapien er eit ungt fag i universitetssamanheng, men er likevel i rask endring. Frå å vere eit fag med utbreiing først og fremst i USA, Australia og Europa, har no heilt andre delar av verda opna auga for faget. Ifølge Brynjulf Stige, professor ved Griegakademiet, har GAMUT kome til eit nivå der internasjonalisering er viktigare enn tidlegare.
For oss vil ei sterkare internasjonalisering gje meir fleirkulturelle data og betre forsking, og dessutan høve til å posisjonere oss internasjonalt med ei oppbygging av fagmiljøet, seier han.
Terapi i kinesiske fengsel Summen på 1.065.000 kroner skal mellom anna gå til styrking av forskingsnettverket kring GAMUT sitt fengselsprosjekt, eit prosjekt som har møtt stor interesse i Kina.
Kinesarane har sjølve etablert praksis på feltet og vil gjerne utvikle eit samarbeid med oss. For øvrig har både indiske og kinesiske fagmiljø byrja å vakne, og det er svært interessant. Her kan det utvikle seg store fagmiljø på sikt, seier han.
Også eit samarbeidsprosjekt med australske og danske fagmiljø innan forsking på musikkterapi i eldreomsorg vil få sin del av millionløyvinga. Dette er eit fagfelt som miljøet ved GAMUT reknar med vil vekse kraftig dei næraste åra.