UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - lørdag 25. mai 2013
17.8.2012
Måtte halde seg på kontora under opningsfesten

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
Dei tilsette var skuffa over at dei ikkje fekk delta på den offisielle opninga av det nye odontologibygget. – Det hadde vore kjekt om alle dei tilsette kunne ha vore med på seremonien, sier Anne Nordrehaug Åstrøm.

Av Dag Hellesund

Dei tilsette trudde lenge at alle skulle få vere med, men fekk melding om at dei i staden måtte halde seg på arbeidsplassane sine, skriv bt.no.

– Det same skjedde då dei opna BBB-bygget på Haukeland. Då dei opna Studentsenteret var det og berre nokre få som fikk vere med. For ettertida håper eg at dei tilsette og får vere med på slike arrangement, seier instituttleiar Åstrøm til På Høyden.

Dei tilsette har tidligare hatt ein stor innflyttingsfest saman med Statsbygg, og dei skal ha ein ny fest i haust.

Åstrøm fortel at dei tilsette fikk kake og frukt under opninga i vrimlearealet på odontologibygget.

– Ein ville gjerne ha folk i arbeid når statsrådane Anne-Grete Strøm-Erichsen og Kristin Halvorsen fekk omvisning på bygget. Det var menneska som jobbar her dei ville snakke med, seier Åstrøm.

Brukarane er svært nøgde med bygget, sjølv om dei nye kontora er mykje mindre enn kva somme er vande med.

– Dei er litt meir minimalistiske, med glas og gjennomsiktige dører. Det er slik ein byggjer i dag, og det blir ein overgang. Vi har kjøpt inn hyller, og dei fleste byrjar å komme på plass no. Alle er einige om at det er eit fantastisk flott bygg, som vi er veldig stolte av, seier Åstrøm.

 

Dei tilsette fekk ikkje sjå på då administrerande direktør Øivind Christoffersen ga ein symbolsk nøkkel til kunnskapsminister Kristin Halvorsen, før rektor Sigmund Grønmo fekk overlevert bygget UiB har venta på i meir enn 20 år.



SISTE 20 NYHETER

• Petroleum og forskningsetikk igjen (24.5.2013)
• Grunnhumanistane (24.5.2013)
• Nina Mevold byter beite (23.5.2013)
• Vil flytte makt til instituttrådene (23.5.2013)
• Grønmo: Vil ta Olsen med på råd (23.5.2013)
• Anklager Grønmo for dårlig ledelse (23.5.2013)
• Vil flytta saman (23.5.2013)
• På Høyden søkjer frilansfotografar (22.5.2013)
• Slik snakkar dei der (22.5.2013)
• Valget er i gang (21.5.2013)
• Miljøvern og arbeidsfordeling ved UiB (21.5.2013)
• Gruppe A: Joakim Nystrand (21.5.2013)
• Gruppe A: Maurice Mittelmark (21.5.2013)
• Høg himmel over språket (21.5.2013)
• Gruppe C: Jon Steine (16.5.2013)
• Gruppe A: Aurora Martinez (16.5.2013)
• Gruppe B: Knut Melvær (16.5.2013)
• Gruppe A: Robert Murison (16.5.2013)
• Gruppe A: Gro Mjeldheim Sandal (16.5.2013)
• Gruppe B: Lars Petter Storm Torjussen (16.5.2013)

Arkiv