UiB På Høyden
Nettavis for Universitetet i Bergen - onsdag 22. mai 2013
5.9.2012
Trur all isen vil forsvinna

Skriv ut artikkelen

Kommentar til redaksjonen

Tips en bekjent om denne saken
I 1979 var det 400.000 kvadratkilometer is i Barentshavet. No er berre halvparten att. Men endringane skuldast ikkje klimaendringar åleine.

Av Hilde Kristin Strand

På 1930-talet var det høge temperaturar både i havet og i lufta. På 1970-talet var det kaldt, og difor store mengder is i Barentshavet. No er temperaturen høgare att.

Skuldast dette menneskeskapte klimaendringar? Ikkje berre, seier forskar Lars Henrik Smedsrud. I samband med Bjerknessenteret si tiårsmarkering hadde han i går føredrag om Barentshavet si rolle. Smedsrud er forskar ved Bjerknessenteret, og forskar i hovudsak på polar oseanografi.

Delvis naturlege endringar
– Barentshavet er viktig dersom ein vil forstå temperaturvariasjonar og isvariasjonar. Me har funne at det er ein god samanheng, seier Smedsrud.

– Variasjonar i kor mykje vatn som strøymer inn i Barentshavet gjer at temperaturen i havet endrar seg. Me ser at det er om lag eit års forseinking frå endringa i innstrøyminga til ein ser ei endring i isen, forklarer Smedsrud vidare.

Han seier at endringane er enorme
– Me trur på global oppvarming. Men endringane er svært store, og kan ikkje berre forklarast med global oppvarming. Men kanskje er endringane ekstra store på grunn av den globale oppvarminga, seier Smedsvik.

Nærmar seg kaldare periode
Forskarane trur no at ein går inn i ein periode der mindre vatn strøymer inn til Barnetshavet. Det gir kaldare vatn, og slik meir is.

– Me har ikkje gode data frå 1930-åra. Sidan 1998 har det vorte gjennomført ein lang klimamodellkjøring, og me har gode målingar fråd ei siste om lag 30 åra, seier Smedsrud.

Sjølv om ein truleg er på veg inn i ein kaldare periode,  kan Barentshavet koma til å vera heilt fritt for is om ikkje altfor mange år. Forskarane trur at all isen kan vera vekke i 2050. Allereie no er isen halvert i forhold til kva han var i 1979. Då var halve Barentshavet, altså 400.000 kvadratkilometer, dekka av is. I 1866 var det endå meir, då strekte islaget seg nesten heilt til Finnmark. I mars 2006 var det berre 200.000 kvadratkilometer is att, og i september året etter hadde isen krympa endå meir. Ismengden ein såg då, er den minste ein har målt.

Lars Henrik Smedrud (til høgre)har leia gruppa som har sett på Barentshavet si rolle. Her får han hjelp av førsteamanuensis Tor Eldevik til å henga opp plakaten som viser korleis ismengda endrar seg. Foto: Hilde Kristin Strand

 



SISTE 20 NYHETER

• På Høyden søkjer frilansfotografar (22.5.2013)
• Slik snakkar dei der (22.5.2013)
• Valget er i gang (21.5.2013)
• Miljøvern og arbeidsfordeling ved UiB (21.5.2013)
• Gruppe A: Joakim Nystrand (21.5.2013)
• Gruppe A: Maurice Mittelmark (21.5.2013)
• Høg himmel over språket (21.5.2013)
• Gruppe C: Jon Steine (16.5.2013)
• Gruppe A: Aurora Martinez (16.5.2013)
• Gruppe B: Knut Melvær (16.5.2013)
• Gruppe A: Robert Murison (16.5.2013)
• Gruppe A: Gro Mjeldheim Sandal (16.5.2013)
• Gruppe B: Lars Petter Storm Torjussen (16.5.2013)
• En usikker fremtid (16.5.2013)
• Gruppe A: Petter Erling Bjørstad (16.5.2013)
• Gruppe: B: Katharina Wolff (15.5.2013)
• Gruppe A: Roland Jonsson (15.5.2013)
• Mot ny Horisont (15.5.2013)
• Gruppe A: Jan Magnus Bjordal (15.5.2013)
• Gruppe C: Elisabeth Müller Lysebo (15.5.2013)

Arkiv