Framtidas arbeidsplassar? Spør studentane

Publisert:26. april 2018Oppdatert:26. april 2018, 11:39
Volda-rektor Johann Roppen er open for opne landskap, men ønskjer seg meir forsking på både cellekontor og aktivitetsbaserte løysingar.

Debatten går høgt om arbeidsplassar for tilsette og med to klare ytterpunkt: Cellekontor eller variantar av kontorlandskap («aktivitetsbaserte arbeidsplassar»).

Det er liten tvil om at det forkjemparane for det beståande, cellekontor, som har overtaket i mediedebatten. Men aktivitetsbaserte arbeidsplassar har eit statleg rundskriv på si side. Det er ein stille, men formidabel motstandar.

Forkjemparane for cellekontor meiner det er uråd å drive konsentrasjonskrevande arbeid om ein ikkje har ei dør å stenge seg inne bak. Dette var også gjennomgangsmelodien i NRK Brennpunkts dokumentar 25.april 2018:

«Kan åpent kontorlandskap gjøre deg 440 prosent bedre?»

Cellekontor er vi vane med. Landskapsliknande arbeidsplassar er det færre som har erfaring med på høgskular og universitet i Noreg. Men i privat sektor er kontorlandskap det normale. Det sa i alle fall programleiarane i NRK dokumentaren i innleiinga si, men brydde seg ikkje mykje meir om det poenget.

Eg trur dei fleste har vanskeleg for å akseptere at det berre er forskarar i offentleg sektor som driv konsentrasjonskrevande arbeid

Eg trur dei fleste har vanskeleg for å akseptere at det berre er forskarar i offentleg sektor som driv konsentrasjonskrevande arbeid og difor må ha cellekontor heile tida. Ein kan vel snu på det å seie at vi alle bør vere rimeleg konsentrerte for å kunne gjere jobben vår. Motsett er det nok også slik at mange burde oftare kome ut av cellekontora sine.

Kontorlandskap er såpass nytt i norsk akademia at vi ikkje eigentleg har norsk forsking på temaet. Ein flittig sitert metastudie av forsking på området byggjer i stor grad på utanlandskje kjelder og er sjølv førebels ikkje publisert i ein kanal for vitskapleg publisering. Vi treng nok meir forsking.

I lys av dette er det eit eksperiment i stor skala vi opplever når staten i sin arealnorm gir oss 23 kvadratmeter til rådvelde og dette no påverkar fleire og fleire forskarar.

«Rundskriv om normer for energi og arealbruk for statlige bygg» (12.12.2015)

Det er spesielt eitt av argumenta mot kontorlandskap som eg meiner har vorte for lite diskutert, og det er studentane og deira arbeidsformer.

Somme meiner at om høgskulelærarane blir flytta over i kontorlandskap så vil det også gå ut over undervisninga – eller i alle fall rettleiinga til studentane. Ja, er det verkeleg slik? Ein ting er at dette dessverre kan bli ein sjølvoppfyllande profeti, sjølv om eg ikkje trur at nokon med vilje vil gje dårlegare undervisning eller rettleiing som protest mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar.

Men eg trur ein meir spennande måte å tenkje på er å sjå studentanes arbeidsmåtar i dag. Det gir eit frampeik på korleis akademisk arbeid blir i framtida. Og studentane viser at læring og kunnskapsproduksjon i framtida vil ikkje berre skje i einsemd på cellekontor.

Kritikarane av kontorlandskap hevdar at konsentrasjonskrevande arbeid berre kan gi resultat i stille cellekontor. Ein konsekvens av dette synet er at då burde ein ikkje berre kjempe for cellekontor til seg sjølv, men også til alle studentar. Men er det einsam lesing studentane faktisk ønskjer seg eller oppsøkjer?

Høgskular og universitet har alltid tilbydd studentar i form av arbeidsplassar i lesesalar og i bibliotek. Men alle som har vore innom ein lesesal eller eit bibliotek i dag ser at studentane ikkje er på lesesal, og er dei på biblioteket er dei i alle fall ikkje heilt stille, men arbeider i grupper.

Både i Volda og andre stader er lesesalane så lite brukte at dei blir bygde om, og i staden brukte til grupperom. Denne utviklinga ser vi i Volda og hos dei andre høgskulane og universiteta på Vestlandet, og heilt sikkert på andre studiestader også.

Studentane ønskjer altså å lese, lære og diskutere – i lag med pc-en sin og andre studentar. Både over bordet og over nett. Vi må sjølvsagt ta atterhald om at dei studentane vi ikkje ser kanskje sit på hybelen og les, men det burde vi nok finne ut meir om. Også her trengst det meir forsking.

Korleis lærer forskarar? Vi ser vel akkurat same tendensen som hos studentar: Organisering i forskingsgrupper. Formidling i interne seminar og i faglege diskusjonar. Presentasjon og diskusjon på Forskingsdagane. Bibliotektråling. Deltaking i internasjonale konferansar. Kor mykje tid blir eigentleg brukt til å sette seg ned og lese ei heil bok?

Kor mykje tid blir eigentleg brukt til å sette seg ned og lese ei heil bok?

Høgskulen vil i 2020 opne nybygget som har arbeidsnamnet «Sivert Aarflot-huset». Det er i all hovudsak Avdeling for mediefag som skal nytte huset til undervisning og forsking, og det ligg dermed svært godt til rette for at studentar og tilsette kan samarbeide endå nærare og tettare enn før.

Praksisnærleik er eit mantra for medieutdanningane, og for mediefaga er kontorlandskap nokså likt arbeidsmiljøet studentane  vil møte ute i den såkalla verkelege verda, i arbeidslivet, i praksisfeltet.

Mediehus 2020 er eit svært viktig prosjekt for Høgskulen i Volda for dei neste 50 åra, eller meir. Eg er sikker på at leverandørane som no arbeider med framlegg til løysing av oppdraget kjenner godt til argumenta, ønskja og krava også frå dei som ønskjer cellekontor.

I Sunnmørsposten 26. april 2018 gjekk leiar i Forskarforbundet Erling Sivertsen ut og var bekymra over kva aktivitetsbaserte arbeidsplassar kan føre til av problem for arbeidsmiljøet.

Det er bra tilsette og tillitsvalde engasjerer seg i dette spørsmålet, og eg er sikker på at dei vil bli høyrt. Det nye mediehuset kjem heilt sikkert til å ha både cellekontor og aktivitetsbsserte arbeidsplassar.

Sivertsen er ein av 8 tilsette på HVO som har signert på eit opprop mot aktivitetsbaserte arbeidsplassar. Med ca 350 tilsette på Høgskulen i Volda så er det førebels ikkje veldig mange som deler Sivertsens uro i så stor grad at dei signerer på oppropet.

Det er ved nybygg eller større ombyggingar dette spørsmålet blir aktuelt, så for dei fleste i sektoren er dette lite aktuelt i dag.

Eg tvilar eg sterkt på at arealnormen vil bli endra raskt for å gje berre forskarar meir plass

I NRK Brennpunkt sa rektor Gunnar Bovim ved NTNU at han ville prøve å få meir enn 23 kvadratmeter pr tilsett på nye NTNU.  Eg tvilar eg sterkt på at arealnormen vil bli endra raskt for å gje berre forskarar meir plass. Og vi må i så fall heilt sikkert betale meirkostnaden sjølv.

Derimot trur eg det er svært viktig å forske på ulike arbeidsformer i forsking, på samanhengane mellom fysisk og psykososialt arbeidsmiljø, på korleis digitalisering kan gje betre kvalitet på forsking og undervisning og det samla arbeidsmiljøet. Og då er det faktisk viktig at vi har ulike typer av arbeidsplassar slik at det er noko å forske på.

Då vil det også vere naturleg å forske på negative sider ved dagens cellekontor. Så lenge nesten alle UH-tilsette i dag sit i cellekontor, så kan det hende cellekontor er ei medverkande årsak til det som måtte finnast av dagens arbeidsmiljø- og produktivitetsproblem. Truleg vil nytilsette lettare bli kjent med arbeidsplassen sin om alle sit i landskap. Slike spørsmål må også undersøkast nærare.

Hausten 2018 vil høgskulen starte eit nytt campusutviklingsprosjekt. Det vil vere naturleg at dette prosjektet også vurderer framtidig utforming av arbeidsplassar til tilsette.

Telefonkiosk 2018, spør Volda-rektor Johan Roppen. 

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed