Utgått leiarskap i UH-sektoren

Publisert:13. juni 2018Oppdatert:13. juni 2018, 11:48
Bjørn Henrichsen har leia NSD i 40 år, og var mellom anna viktig då CESSDA, Consortium of European Social Science Data Archives, kom til Bergen. Men Henrichsen er ein av fleire leiarar i sektoren som får kritikk for leiarstilen sin. Biletet er frå opninga av CESSDA, Henrichsen (til høgre) saman med Robert-Jan Smits og Bjørn Haugstad (bak).

Akademikarar har rykte på seg for å vere eigenrådige og vanskelege å styre. Då kan det vere fristande å bruke sterke maktmiddel.

Etter at På Høyden blei uavhengig frå leiinga av Universitetet i Bergen i 2012 har vi fleire gonger gått inn i og dekka kritisk konfliktar mellom leiarar og tilsette i sektoren, og generelt vanstyre. Fleire av sakene har òg blitt dekka av vestlandsmedium, som Bergens Tidende, men verken sektormedium eller andre som held til i Oslo har vist særleg interesse for sakene om viktige, nasjonale forskingsinstitusjonar.

Akademikarar har rykte på seg for å vere eigenrådige og vanskelege å styre. Men vi kan verken tolerere maktmisbruk eller dårleg styring frå dei som på vegne av oss alle skal styre produksjonen av kunnskap for morgondagen.

Klarer ikkje å gi slipp

Å leie gjennom negative sanksjonar som utfrysing, eller å kalle underordna inn på teppet når dei har gjort noko toppleiinga misliker, er diverre ein leiarstil ein tidvis finn i akademia.

I 2012 var det Nansensenteret som var i fokus. Grunnleggjar og mangeårig leiar Ola M. Johannessen hadde vanskar med å gi slipp på livsverket sitt, og dåverande og tidlegare tilsette kunne fortelje om ein leiarstil som ikkje høyrde heime på eit moderne forskingsinstitutt – om nokon stad.

I Innovest var ikkje problemet leiarstilen, men selskapskonstruksjonen. Toppleiarane i Helse Bergen og ved UiB gjekk saman om å lage eit aksjeselskap dei kunne bruke til visse typar forskingsoppdrag, som lækjemiddelutprøving. At dei opererte på sida av offentlege regelverk gjekk seint opp for dei – eller kanskje dei lukka auga. Då skandalen var eit faktum prøvde eigarane å peike på den daglege leiaren og nokre av forskarane som skurkane i historia. Det blei dei ikkje trudd på, til dømes då dei tapte Gulsvik-saka i retten.

Sjuke av fryktkultur

Den siste tida har På Høyden skrive om situasjonen ved NSD - Norsk senter for forskningsdata. Bjørn Henrichsen (72) har leia senteret sia 1975, og bygd det opp til å bli ein sterk forskingsinfrastruktur. Miljøet rundt har òg fått europeisk ansvar. Å ha leiaransvar så lenge står det respekt av. Men å forvalte offentlege midlar under same leiarskap i over 40 år er vanskeleg å forsvare, og gir lite rom for fornying.

Som På Høyden har skrive har ei rekkje tilsette opplevd at Henrichsen styrer det offentleg eigde aksjeselskapet gjennom ein fryktkultur. Mange har varsla om dette, og Arbeidstilsynet har starta tilsyn ved verksemda og gitt NSD pålegg. Tillitsvalde og andre har blitt sjukmelde, eller slutta.

Difor intervjuar vi eigen journalist

Men styret, leia av Petter Aasen, verkar ikkje å ha innsett den alvorlege situasjonen. Styret har sett i gang ekstern gransking av varsla, men den første granskinga blei avslutta utan resultat, og med ei lite truverdig grunngjeving om at oppgåva var for omfattande. Deretter fekk styret inn ein einskild konsulent som gjorde jobben på under to månader, men med eit svært snevert mandat: Berre tre av omlag ni varsel blei gått gjennom.

Njord V. Svendsen jobba fram til sommaren 2017 ved NSD. Han blei tilsett som den første kommunikasjonsansvarlege ved institusjonen. Etter kvart merka han den spesielle leiarkulturen i selskapet. Utfrysing, låg tillit, ekstrem detaljstyring og represaliar mot tilsette som tek initiativ er nokre trekk ved leiinga mange av dei tilsette har merka. Men sjølv om Svendsen har varsla har hans sak blitt definert ut av granskinga, og han har ikkje blitt intervjua av dei eksterne konsulentane.

Svendsen har sidan mars 2018 jobba som journalist i På Høyden. Han har ikkje skrive nokon av sakene om NSD, men er onsdag intervjua om erfaringane han gjorde seg. Journalistar prøver elles å unngå å intervjue for nærståande kjelder, anten det er familie, vener eller kollegaer. Men i NSD-saka er det vanskeleg å få tilsette til å stå fram og fortelje deira historie. Mange har vore sjukmelde på grunn av det psykososiale arbeidsmiljøet, og frykta for kva konsekvensane kan bli, sit i veggane. Historia til Svendsen blir stadfesta av ei rekke kjelder, og er dessutan dokumentert gjennom varsel og av Arbeidstilsynet.

Kunnskapsdepartementet bør sørge for nytt leiarskap

Onsdag er det styremøte i NSD. Det er venta at Henrichsen vil slutte, og at ein ny, mellombels leiar blir konstituert. Nestleiar Vigdis Kvalheim har vore lojal mot Henrichsen heile tida, og i organisasjonen ventar dei fleste at ho får opprykk.

Kunnskapsdepartementet er eineeigar av NSD, og har bedt styret om ikkje å tilsetje ny leiar fast, då dei vil sjå på organiseringa av denne delen av sektoren. Leiarkulturen i selskapet er eit godt argument for at departementet bør sjå ekstra nøye på den framtidige organiseringa. Etter meir enn 40 år under same leiarskap trengst det tankar utanfrå, og verken noverande leiing eller styre har vist seg verdige til å forvalte dei tilsette i eit selskap som er ein svært viktig forskingsressurs for samfunnet.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed