Polarforsking i verdsklasse

Publisert:4. september 2018Oppdatert:4. september 2018, 17:37
Forskingsisbrytaren Kronprins Haakon er noko av det som har skjedd polarforskingsmiljøet, og fartøyet skal og brukast av Universitetet i Bergen. Foto: Polarinstituttet

Det gror godt i polarforskinga i Bergen, skriv Tore Furevik i Bjerknessenteret, sjølv om ingen enno har lagt ut i dei ærefulle luftputebåt-spora til Yngve Kristoffersen.

I eit innlegg i På Høyden 31. august etterlyser Professor emeritus Yngve Kristoffersen pioner-anden hos norske polarforskarar og visjonane hos leiinga ved UiB. I følgje Kristoffersen har mangel på norsk forskingsinnsats i Polhavet demonstrert ein idéfattigdom og mangel på initiativ som har vore eit hundreår-langt antiklimaks i forhold til det pionerane Nansen, Amundsen og Sverdrup stod for, dei som plasserte Noreg på kartet i utforskinga av Polhavet.

Noreg som stolt polarnasjon burde hatt meir aktivitet i Polhavet, anten med eigne ekspedisjonar eller med samarbeid med andre som har hatt ekspedisjonar med isbrytarar inn i området

Eg har stor respekt for Kristoffersen og det han har fått til, blant anna då han som pensjonist i 2014-2015 dreiv 1900 km i Polhavet med luftputebåten “Sabvabaa”.  Og eg vil gje Kristoffersen rett i at Noreg som stolt polarnasjon burde hatt meir aktivitet i Polhavet, anten med eigne ekspedisjonar eller med samarbeid med andre som har hatt ekspedisjonar med isbrytarar inn i området. Me treng meir data anten det gjeld vatn på fleire tusen meters djup, frå sedimenter på botn og berggrunnen under, eller det marine økosystem. Likevel synest eg at Kristoffersen sitt hagleskot mot alt og alle, i liten grad treff blink.   

Mange av våre polarforskarar har vore, og framleis er, blant dei leiande i verda innan polarforsking. Noreg er verdas tredje største forskingsnasjon i Arktis. Ein stor del av denne forskinga er gjort av forskarar i Bergen. I ei nyleg rangering kom universitetet på 7. plass blant verdas 170 største forskingsinstitusjonar på Arktis målt i siteringar, altså eit mål for effekten av forskinga. I tillegg er det betydeleg grad av polarforsking ved Nansensenteret, Havforskingsinstituttet og Uni Research / NORCE.  Det meste av dette er  dag samla i Bjerknessenteret, eit av Europas største miljø for klimaforsking.  

Bjerknessenteret leiar ei rekkje store nasjonale og internasjonale polare prosjekt, fleire med budsjett på over 100 millionar kroner, og halvparten av våre rundt 200 årlege vitskaplege publikasjonar kan karakteriserast som polare. Senteret er tungt inne i det nye store forskingsprogrammet “Arven etter Nansen”, og skal frå neste veke leie eit av tokta med det nye forskingsskipet Kronprins Haakon.

I denne veka har fleire av våre forskarar vore i Brussel og informert folkevalte og EU byråkrater om havets rolle i klimasystemet inkludert Arktis.

I den seinare tid har me i tillegg fått store mengder data frå ei rekkje ulike satellittar

I fjor kunne Geofysisk institutt feire 100 års jubileum, og torsdag denne veka vert boka om instituttets historie, “Calculating the World”, lansert på litteraturhuset. Instituttet har lange tradisjonar for banebrytande polarforsking, særleg i Antarktis men og i nordområda. Veldig mykje av dette har vore basert på direkte målingar frå skip, sjøis eller flytande isbrear, kombinert med god fysisk innsikt og idérikdom. I den seinare tid har me i tillegg fått store mengder data frå ei rekkje ulike satellittar, og frå vær- og klimamodellar som i  stadig større grad greier å skildre dei viktigaste prosessane i polare strøk.  Så sjølv om mange av våre forskarar framleis reiser på tokt, kan mykje polarforsking no gjerast med “ei datamus i handa”.

Trass i Kristoffersen sitt innlegg, er polarforskinga i Bergen i verdsklasse!

Det gror veldig godt i polarforskinga i Bergen, og blant dei som i pionertida måtte sitte heime med barna mens mennene drog på tur på ubestemt tid. Førsteamanuensis Elin Darelius fekk i fjor Framkomiteens pris for banebrytande oseanografisk forsking i Antarktis. PhD student Friederike Fröb gjorde nye målingar som viste korleis djupvatnet i Irmingerhavet vert danna, og PhD student Sigrid Lind viste at det nordlege Barentshavet er veldig nært eit klimatisk- og økologisk vippepunkt. Og Postdoktor Lea Svendsen har vist korleis Stillehavet påverkar klimaet i Arktis. Alle fire er første-forfattarar på Nature-publikasjonar som har fått brei omtale, som i Washington Post i sommar eller i Aftenposten denne veka. Så trass i Kristoffersen sitt innlegg, er polarforskinga i Bergen i verdsklasse!

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed