Dumpingsalg av studieplassar på mastergrad ved UiB?

Publisert:26. november 2018Oppdatert:27. november 2018, 09:44
Steinar Vagstad etterlyser logikken ved at masterstudenter på alle fakultet skal ha dei same karakterkrava. Foto: Paul S. Amundsen

Nye, felles inntakskrav for mastergrad senker standarden, meiner Steinar Vagstad.

I ei sak med den litt kryptiske tittelen «Forskrift om opptak til Universitetet i Bergen» blir universitetsstyret førstkommande torsdag invitert til å vedta at eit karaktersnitt midveis mellom C og D skal sikre studentar rett til å bli tatt opp til masterstudier over mesteparten av universitetet. Det er i saksframstillinga (sjå http://ekstern.filer.uib.no/ledelse/universitetsstyret/2018/2018-11-29/S_130-18Forslag_ForskriftomopptakUiB.pdf) tidvis uklart om dette berre skal vere eit minstekrav, eller om dette skal vere det faktiske kravet. Formuleringar av typen «…skal sikre likebehandling og gi bedre forutsigbarhet for studentene» indikerer imidlertid at det ikkje blir snakk om at enkeltfag kan bestemme seg for karaktergrenser som ligg høgare enn dette minstekravet. Viss det er ledig plass på eit masterprogram (i tydinga færre kvalifiserte søkjarar enn utlyste studieplassar) vil ein søkjar med eit karaktersnittet midt mellom C og D kunne kreve å bli tatt opp.

Eg støttar ideen om ein minstestandard for karakternivå for opptak til masterstudier, men ser ikkje poenget med at dette minstenivået skal vere felles for alle masterprogramma. To av fakulteta, SV og MatNat, har meldt inn behov for å kunne sette ei høgare karaktergrense. Grunngjevinga er dels at svake studentar vil slite meir med å gjennomføre masterprogrammet, dels at reduserte krav vil føre til at sterke søkjarar vel å ta mastergraden andre stader enn ved UiB.

SV-fakultetet praktiserer i dag fagspesifikke opptaksgrenser som ligg mellom C og B. Denne relativt restriktive opptakspraksisen har gitt stabilt gode studentar og relativt gode søkjartal, men sidan søkjartala svingar har ein av og til hatt ledige plassar – plassar ein kunne ha fyllt viss ein hadde slakka av på karakterkrava. Viss det føreliggjande forslaget blir vedtatt av universitetsstyret vil vi få eit høgare og meir stabilt tal på nye studentar, men til gjengjeld vil ein måtte forholde seg til studentar med langt svakare forkunnskapar enn i dag.

Den nye minstestandarden vil i år med låge søkjartal tvinge fram opptak av studentar med langt svakare bakgrunn enn fagmiljøa nokon gong har sett blant masterstudentar, og det er vanskeleg å sjå korleis desse skal kunne komme gjennom ei masterutdanning utan spesielle tiltak eller seinka krav til og nivå på masterutdanninga.

I saksframstillinga frå Studieadministrativ avdeling kan det sjå ut som ein er einig i at det er problematisk å seinke krava: «Dette er svært viktige hensyn, men lar seg vanskelig forene med hensynet til samordning nasjonalt og sentralt på UiB». Her synest ein tydelegvis at det viktige er å få til denne administrative samordninga, og at faglege hensyn til gjennomføring og studiekvalitet må vike. Men dei har ei slags løysing: «Det blir derfor avgjørende å sikre god rekruttering til studiene fremover. Dette vil øke konkurransen og bedre inntakskvaliteten, ved at de faktiske karaktergrensene for opptak går opp.» Ein ting er at dette er veldig naivt – er det ein ting fagmiljøa allereie strekkjer seg langt for, så er det å få flinke bachelorstudentar til å gå vidare på mastergrad. Viss det hadde vore nokon «quick fix» for å auke studenttala, hadde ein gjort det for lenge sidan. Ein annan er at viss ein gjennom betre rekrutteringsarbeid greier å auke dei faktiske karaktergrensene, kva er då igjen av argumentet om at den nye minstestandarden «…skal sikre likebehandling og gi bedre forutsigbarhet for studentene»?

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed