Notiser om nye bøker og publikasjoner, samt notiser om personer som har fått priser, utmerkelser, jubileer eller er nyansatt ved UiB kan legges inn her. Vi krever en gyldig e-post-adresse på innsender for å sjekke autensitet, og vi modererer innlegg. 

Jubilant

Heming Helland Gujord

Førsteamanuensis i nordisk fagdidaktikk Heming Helland Gujord fyller 50 år i dag, 1. juni 2018.

Jubilanten er oppvaksen i Molde, og har utdanninga si frå Universitetet i Bergen. Han tok hovudfag i nordisk litteratur i 1994 og doktorgrad i 2005 med avhandling om Olav Duun, «Juviking og medmenneske. En kontekstuell tilnærming til Olav Duuns Juvikfolke». Olav Duun er også behandla i biografen «Olav Duun – sjøtrønder, forteller» frå 2007.

Heming Gujord har vore sendelektor i norsk ved Odense universitet og vore tilsett ved Høgskolen (seinare Universitetet) i Stavanger før han i 2010 tok til som fagdidaktikar ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium ved Universitetet i Bergen. Her har han eit særleg ansvar for litteraturdidaktikken. Gujord har spela ei viktig rolle i utviklinga av lektorutdanninga – han har undervist på alle nivå, i ulike program, rettleidd ei rad masterstudentar, og fylt fleire fagadministrative verv. Fagleg engasjement og positivitet er blant tilbakemeldingane studentane kjem med.

Jubilanten er engasjert i fleire faglige verv, f.eks. Landslaget for norskundervisning, Olav H. Hauge-selskapet og ankenemnda for skjønnlitteratur, og har gjennom fleire år vore medredaktør for Norsk litterær årbok.

I forskinga si har Gujord lagt vekt på ideologihistoriske linjer, og han løfter Duuns romanverk Juvikfolke ut av det norske rammeverket og inn i ein større, europeisk kontekst med bl.a. fokus på raseideologi. Denne analysemåten illustrerer det europeiske perspektivet i Gujords faglege engasjement, tileigna bl.a. gjennom forskingsopphald ved universitetet i Greifswald.

Til hausten kjem resultatet av det jubilanten har arbeidd mest med dei siste åra, nemleg ein litterær biografi om Kjartan Fløgstad. Vi er mange som ser fram til den boka.

Gujord har meiningar, og kvir seg ikkje for å gi uttrykk for dei, t.d. på Twitter. Samtidig er han romsleg og liberal overfor ulike synspunkt, og er alltid med på å finne pragmatiske løysingar.
Jubilanten er gift og har tre barn i barneskulealder. Det å finne tid til forsking når ein samtidig har mykje undervisning og rettleiing, er ikkje alltid like lett. Jubilanten får likevel mykje gjort, og med den energien og den faglege engasjementet han har for litteraturen, for lektorutdanninga, for skulen og samfunnsutviklinga som heilskap, er vi trygg på at vi vil få merke meir og ikkje mindre av han i åra framover.

Venner og kollegaer ved LLE, UiB

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed